Tidleg i dag kom sjåfør Erling Berge hos Bøstrand Transport i Ørsta til Sagafjord Hotell på Sæbø med 90 meter ny flytebrygge.  Sjølv om det til tider regna svært så mykje, fekk Berge, hotelldirektør Sigurd Torheim og to  arbeidarar frå Polen lagt desse flytebryggene på plass ved hotellet.

IMGP5313 (Large)IMGP5317

Etter at flytebryggene frå Ørsta Marina Systems AS var frakta til området ved Sagafjord Hotell AS på Sæbø, vart dei montert og deretter slept på plass ved hotellet.  På foto til venstre ser vi Erling Berge(t.v.) og Sigurd Torheim.

IMGP5320 (Large)

Den første lengda med flytebrygge vert slept inn i hamnebassenget ved Sagafjord Hotell.

Direktør Sigurd Torheim, no når desse nye flytebryggene er på plass, er oppgraderinga av "Eventyrhotellet ved fjorden" ferdig og avslutta?

. Nei, slett ikkje - vi er berre i byrjinga.  Det som vi startar med no når dei nye og funksjonelle flytebryggene er på plass, er oppgraderinga av gjesteroma og vi startar med gjesteroma i hyttene.  Så står roma i hovudbygget for tur - deretter restauranten og så....  Nei, som du forstår, vi er slett ikkje ferdige og gjestane skal etter kvart bli svært så positivt overraska, seier den hardt arbeidande direktøren og spring av stad for å ta i eit tak igjen.

IMGP5322 (Large)

Direktør Sigurd Thorheim er slett ikkje redd for å gjere praktisk arbeid sjølv.  I dag gledde han seg storleg over dei nye flytebryggene som kom på plass.

IMGP5326 (Large)IMGP5324 (Large)

Det vart ein lang arbeidsdag for dei fire som fekk flytebryggene på plass før kvelden var over.  Til høgre Erling Berge som er tilsett hos Bøstrand Transport, men som mesteparten av arbeidstida si fraktar flytebrygger frå Ørsta Marina Systems AS land og strand rundt og er med og monterer desse.