Førskomande torsdag, torsdag den 29. mai kl. 0930 opnar Nutte og Daffa dørene til Strands bakeri på Sæbø.  Dermed er ein, for svært mange,  etterlengta sommarsesong i gang.

Bakeri 004 (Large)

Kanutte (Nutte) og Dagfinn (Daffa) Strand utanfor Strands bakeri sine lokale på Sæbø.  Torsdag 29. mai opnar både kafeteria og bakeri sommarsesongen.

Opningstidene på kvardagar vert frå klokka 0930 til 1630.  På laurdagar vert opningstidene frå klokka 0930 til 1400.  Og berre så det er sagt - bakeriutsal og kafeteria held dei same opningstidene.  Dermed er det  berre - for fastbuande og tilreisande - å stikke innom og kjøpe seg ein kopp kaffi og gjerne noko ferskt å bite i.

Som vanleg vert dei etter kvart så kjende oggode brøda å få kjøpt i tillegg til mange andre bakarvarer.  Daffa nemner spesielt speltbrødet.  Og hugsar du skulebollane, rundstykka, wienerbrøda, pimpene, banankakene og alle dei andre varene?

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne.  Om det er nokon som ynskjer å bestille varer, kan dei to kontaktast på telefon mobil 95708723   eller privat  700 40050.