Vinterstid fyrer vi mykje med ved og stadig må omnen tømmast for oske.  Når kulden bit i nasen og ein er litt mørkredd er det greitt å ha kort veg til oskehaugen ute. Eg brukar å tømme oska på framsida av vedhuset. Det er vel eigentleg ein logisk plass? Ved inne, oske ute - lett å hugse for alle. Snøen vert gråsvart av oska, men det viser ikkje frå hustrappa.Utover vinteren vert det mange små oskedungar. Når det er på det kaldaste og mørkaste ( og eg har fått ei lita tru på at vinteren vil vare evig ) hender det eg tenkjer at det kjem til å gå heilt gale med denne osketømminga mi. Eg vurderer nye tømmeplassar, men finn ingen som fungerer betre enn denne.  

Vinteren tek som regel slutt og framom vedhuset dukkar gamle oskedungar opp under snøen. Slik kan det ikkje sjå ut og det første eg gjer av hagearbeid om våren er å jamne oska fint utover med ei metallrive.

Rabarbra

Kvart år er eg heilt sikker på at eg har teke livet av det som ligg under all oska, men etter nokre veker med vårvêr kjem rabarbraen min stikkande opp av jorda og eg vert like fasinert kvar gong.

Rabarbra2 

Og rabarbraen veks og veks. Eg kan nesten sjå skilnad frå dag til dag. Skvallerkålen veks i lag med. Så lenge den held seg her er det til å leve med. Får prøve å trøyste meg med at det er ein urt som er rik på C-vitamin.  Då eg var lita var det stas å ete rabarbra med sukker på. Surt og søtt på same tid. Smakane kriga om plassen på tunga. Hos besteforeldra til feriekameraten min fekk vi ete så mykje vi ville. Vi orka vel ikkje å ete store mengder, men det var lov å ha mykje sukker på! Rabarbra3

Blomstrane bør takast vekk. Dei stel næring frå resten av planta. Rabarba inneheld mykje oksalsyre som vert bunde til kalsium og dette kan redusere innhaldet av kalsium i kroppen. Ungane mine et ikkje mykje rabarbra, men eg føreskriv eit glas mjølk eller ein fløyteis attpå, i den tru at eg er ei god mor som sikrar at kalsium held seg der det skal vere. Merkeleg kor raske dei er til å hente seg ein is…  

Rabarbra er ein fantastisk grønsak som kan brukast til mykje. Dessertkompott med mjølk eller krem, suppe, fyll i paiar, saft, vin, blanda med jordbær i sylte, blanda med eple. Det finst mange gode oppskrifter. Ein kan og fryse ned bitar til seinare bruk.

 

Eg er ikkje av dei flinkaste til å nytte denne veksten som inneheld både A-, B- og C-vitaminar. Skal verte flinkare neste år tenkjer eg, og då skal eg i tillegg fryse ned ein heil del. Men akkurat no er eg litt glad for at eg ikkje er så flink, trur eg. På leit etter innhaldet i oske finn eg ut at oska fungerer knakande godt som  gjødning (det har eg då faktisk forstått av størrelsen på rabarbraene mine).

Eg finn ôg ut noke anna: I følgje NGU inneheld treoska i tillegg så store mengder tungmetall at svenskane har innført restriksjonar på bruk av oske som gjødning av skogbotnar.  

Eg må i tenkjeboksen.

Urtene mine skal få flytte over i eit større og lunare bed i sommar. Planen var å prøve med litt oske der òg...

Men de andre som ikkje gjødslar rabarbraen dykkar med tungmetall kan ha mykje godt i vente.

Og rekk de ikkje å plukke den før den vert for grovtrevla (før Jonsok) er det berre å kutte ned. Den kjem med nye stilkar etter nokre veker.