Gutelaget har hatt stor framgong sidan i fjor, både individuellt og som lag. mot Vankam tok det litt tid før "godspelet" kom, men etter omtrent 20min løsna det og sæbø gjekk til pause med stillinga 3-1.
I andre omgong hadde Vankam ikkje meir dei skulle ha sagt. Det virka som om sæbølaget var betre trent og dominerte meir og meir utover i kampen.

Her skårer Truls Ivar Knarvik (ikkje synlig på biletet) sitt andre mål for dagen.
Målskorerar var Truls Ivar knarvik (2), Mikkel Riise, Jakob hauge Mo (2), Jon Martin Moe og Bjørnar Holen
Neste kamp for G-16 vert no torsdag 29/5 på sæbø kl.18.30, motstander er då folkestad.
Tøvete (29.05.2008 kl. 15:25)
Snakk om tøvete regel. Les at hovedgrunnen for regelen er å hindre fråfall i denne aldersgruppa. Ser for meg demotiverte og forvirrande spelarar når det ikkje er samsvar i det heile mellom resultat og faktisk prestasjon. Klubbnettsider kjem til å operere med rett resultat, medan kretsen sine tabellar syner noko heilt anna. Og kva med laget som leiar 3-0 etter 5. minutt? "Nei, no er det best å kome seg heim att". Spelarutvikling er sjølvsagt essensen i aldersfastlagt fotball, men ein må ha noko å strekkje seg etter. Og sensurerte resultat tviler eg på er løysinga. Ser for meg høgdehopparen som slår til med 1.80. "Sorry mate. Du får kun lov å hoppe 1.60. Prøv igjen"
Kjell-Johan Aarseth
rettelse (29.05.2008 kl. 14:34)
overskrifta på kommentaren nedanfor skal være 3-målsregelen, ikkje 3-lagsregelen:D
Yngve Frøland
3-lagsregelen (29.05.2008 kl. 13:04)
Denne regelen gjeld for lag som er 13 og 14 år. Hensikta med regelen er at det skal bli meir fokus på spelarutvikling framfor fokus på resultat. Dette er eg i utgangspunktet enig i. Eg har diskutert denne regelen med Emile Von Henden som er trener for 13 og 14 åringane og vi er samde om at den kan virke litt meiningslaus. Om eit lag taper 8-0 vil det på statestikken stå 3-0. For spelarane trur eg dette virker forvirrande. Dei som tapte veit like godt kor mange mål dei andre skåra i kampen. For dei laga som gjer ein god kamp og skårer mange mål trur eg regelen virker demotiverande.
På sæbø har vi ikkje tradisjon for topping av lag i aldersbestemmt fotball.Alle skal få spele. Samtidig skal sjølvsagt dei som møter på alle treningane og gjer ein skikkelig innsats få kreditt for dette. Det gjeld å finne ein balanse. Og dette trur eg er ein av grunnane til at vi på Sæbø har slik god oppsluttning i forhold til innbyggjertalet.
Yngve Frøland
Nye regler vist i fotballen nå. (29.05.2008 kl. 11:37)
Skal det ikkje stå 1-3 eller 1-4 etter nye reglenene på Sunnmøre.
Man har ikkje lov å vinne med meir en 3 mål nå vist.
Dette er vist for å unngå topping av laga.
Kva synest dere om den regelen.
Klart man må prøve dei som er dårlige som spisser også skal dei få prøve seg i kampene.
Ei mor fortalte meg at guten hennes var god i forsvar så han fekk aldri prøve seg som spiss i kamper.
Når det blir slik forstår eg kva dei nye reglene skal vere for.
Perry Bjørke