Fredag for vel ei veke sidan var Karl Henning Halse på Skårasalen.  Han gjekk opp frå Kvistadsida.  I dalen like før skaret der du tek vegen ned Lissje-Skåradalen -  ned til Skår, fann Karl Henning ein svart skihjelm - utan namn.  Men Karl Henning tok hjelmen med seg og saknar du ein slik hjelm er det berre å ta kontakt med underteikna så kan du få tilbake denne gode livsforsikringa, som Karl Henning skriv i e-posten.  Hjelmen kan vere svært god å ha for framleis er det lang tid att av skisesongen.

Elles har eg den siste tida fått spørsmål om eit par fjellturar, m.a. Grøtdalstinden.  Mi meining er at du ikkje bør gå opp/renne ned på framsida/sørsida.  Snøgrensa kryp her raskt oppover og snøen er blaut og lite innbydande.  Men gå ein annan veg - opp frå Holen og opp i Lissjedalen.  Når du kjem opp til Årskogstøyeln tek du opp til venstre og du kjem inn på ruta som er teikna inn under.  Dette er framleis ein flott vårskitur ei stund framover.

Du kjem til slutt opp til ei heller bratt renne rett nord for toppen, men denne tida er nok snøen såpass mjuk at det ikkje skal vere problem å gå der, men set att skina før du tek vegen opp til topps.  Sjå skiboka.

IMGP4123 (Large)

Klikk på fotoet og sjå ruta som er teikna dinn med raud strek.  Her er det framleis fint å gå og ikkje minst renne ei god stund framover.

No nærmar det seg også høgsesong for skitur på Skårasalen.  Vegen inn til Kvistadsetra tek til å verte snøfri, men ikkje heilt inn.  Likevel kan turen tilrådast.  Mange vel - med god grunn - å renne ned Lissje-Skåradalen til Skår. Ta ferja til Sæbø, eller ring M/S"Hjørundfjord".  Hugs at ferja må rinast til først (stoppar der på signal).

Ruta ned Lissje-Skåradalen er teikna inn med raudt.  Snøgrensa kryp nok oppover også her, men denne dalen ligg godt verna mot sola og snøen ligg lenge.  Du kjem nok ned på venstre side (når deu renn/går nedover) av elva.  Gå ned til du ser ei god bru og gå over elva her.  Herifrå er vegen/råsa ned til ferjekaia god.

God tur.

IMGP3873 (Large) (2)

Turen ned Lissje-Skåradalen er merka med raudt.