IMG_7157

Ole Sunde skåra Sæbø sitt første mål.

 

Sæbø mangla åtte spelarar frå siste kamp, og hovudårsaka var at det var konfirmasjonshelg på Sæbø. Likevel gjekk Sæbø-laget på med friskt mot, og var best på bana i første omgang.


Sæbø tok leiinga ved Ole Sunde etter eit fint angrep, der Marius Riise la inn frå kanten.


Harøy utlikna til 1-1, før Bjørn Egil Espenakk gav Sæbø leiinga 2-1 til pause på straffespark.


I andre omgang kom Sæbø på hæla. Laget gav vekk for mykje bakrom, noko som Harøy og Harnes utnytta.


Harøy utlikna til 2-2, skåra 3-2 og 4-2, før Sæbø vart med att i kampen. Espenakk reduserte til 3-4 etter at han kjempa ballen i mål, men Harøy og Harnes var ustoppelege, og Harnes skåra sitt femte mål for dagen då han gav Harøy leiinga 5-3.

Bjørn-Egil2

 Bjørn Egil Espenakk skåra to for Sæbø på Harøya.


Kenneth Nydahl reduserte like før slutt til 4-5, og Sæbø hadde faktisk nokre farlege sjansar før tida var ute.


På Sæbø var Terje Stokke god, medan det vart seriedebut for sekstenåringen Thomas Straume. Veterane Kjetil Leknes og Oddmar Aklestad gjorde comeback, og så står det att å sjå om det berre var for denne kampen dei to spelte. Til neste kamp, mot Sykkylven2 på Sæbø stadion onsdag den 14. mai, er dei fleste Sæbø-spelarane som ikkje var med no, tilbake på laget igjen.


- Eg er misnøgd med tapet, men med utgangspunktet vi hadde, er eg nøgd med at vi skåra fire mål på bortebane. Det må vi ta med oss, seier Sæbø-trenar Kenneth Nydahl.