Desse bilda er henta frå Ørsta, og her ser vi klart ei meir prioritering
Lat oss bygge opp Sæbø saman, så vi kan vere stolte av bygda vår!
DUGNAD SENTRUM OG LITT KAPTEINSKVIA
LAURDAG 21.JUNI FRÅ 12.00 OG UTOVER.
KLIPPING,OPPRYDDING, OG TILLAGING FØR JONSOK,
MØTEPLASS UTAFOR BELLINGEN
Håper mange stiller opp som i fjor,
vi stiller med kaffi, brus, saft og noko og bite i :)
Kommentarar
Flott at Grenddalaget tar tak i dette på Sæbø.
Eg var sjølv en tur og såg etter korleis det såg ut ved den flotte turvegen vår som går langs vikelva her på Bjørke.
Det var ikkje pent alt eg såg.
Fleire hundre meter med ståltråd som låg i skogen tok eg med til containeren som kommuna/RSS har sat ved brannstasjonen på Bjørke
men stor ting som bilvrak og råtne campingvogner og gamle madrasser fekk eg ikkje hive i containeren sjølv om eg hadde lyst til det.
Eg skal nok få det vekk en annen gang.
Men med all respekt. Er ikkje dett noko seint. Om ein månad, knapt!
Utsetjing av blomar i dei utsette sementrøyra kan gjerast allereie i slutten av neste veke. Då skal ein vere trygg for frost nattestid.
Kombinert med rydding av ugras langs fortau og "prestemur." M.m
Lat oss gjere det!
Grendalaget og mobiliseringa gjer ein fantastisk innsats! Har ikkje hatt høve til å prøve nye-stien langs rampa enda, men det ser eg fram til!
Sæbø har i dag ei ferjekai som synge på siste verset og kan ramle ned kva dag som helst, med store konsekvensar. Pga. at politikarane ikkje har prioritert fram ny kai før for Vegvesenet, er det ikkje kome på budsjett før i år. Det er uvisst kor mange år det vil ta før ei ny kai kjem på plass, men vi reknar med at den gamle vil verte stengt snart, og saka vert prioritert fram. Skulle situasjonen verte at der ikkje er kai på Sæbø vil det verte sambandet Leknes-Standal som må fungere. Plass til ny kai er regulert inn ut i Sandvika og det skulle gå greit å sette i gong kva dag som helst. Men skulle her verte politisk fleirtal for å flytte kaia til ein annan stad, ja då må vi vente på ny reguleringsplan som tek lang tid, og ein kan tenke seg konsekvensane for ei slik mørketid utan ferjesamband til Sæbø, for Hjørundfjorden.
Ei naudløysning er på gong ved å pusse opp dei gamle offentlege toaletta og det står no i om dei kan opnast, då ein vask og dagleg vedlikehaldsavtale må være på plass.
Prestegarden som har vore stoltheita til Hjørundfjorden er i ei slik forfatning at det er ei skam for bygda. Etter henvendelse til biskopen i Møre og dei har vidare henvent seg til Opplysningsvesenets fond, får vi tilbakesvar at midlar til oppussing vert ikkje sett på budsjett før Møre Bispedøme har behandla saka om her skal fortsatt verte prest i Hjørundfjord sokn, og at bustaden skal være på Sæbø. Saka kjem ikkje opp før noverande prest har meldt ifrå kva tid han går av med pensjon. Det vert no sett igong naudsynt arbeid på presteløda og slåing rundt løda, den situasjonen som har vore til no kan vi ikkje finne oss i.
Ifjor vart det ny småbåthamn på Sæbø og massa derifrå kom Sæbø sentrum tilgode med ein utvida promenade og i tillegg kosta kommuna ny skyssbåtkai. Her ligg promenaden uferdig i dag. På Sørsida av Lissjeelva kan det køyrast på mold og lagast grøntområde med tilplantingar nedom sjukeheimen. Det vert det teke tak i, i komande veke. Men skal vi mure ferdig Lissjeelva? Etter reguleringsplanen skal denne elva ligge i rør. Her er politisk vilje i dag for å gå inn for ny regulering med ei opa elv, men bestemmer Vegvesenet seg for å legge vegen nedmed Sjukeheimen er ei muring vekkasta og må omgjerast. Det er også då ikkje Ørsta kommune si sak å bygge gangbru over elva. Skulle i verste fall ferjekaia flyttast til den nye promenaden må også dette arbeidet omgjerast.
Hjørundfjord Bygdemobilisering har hatt ein pågåande dialog med Ørsta kommune ved ordførar Gudny Fagerhol og teknisk sjef som ser problema på Sæbø. Onsdag 28.5.08 kl.13.30 samlast HB si Arbeidsgruppa for Sæbø, medlemmar frå Sæbø grendalag, Arbeidsutvalet for HB, represetantar frå Sjukeheimen og Teknisk sjef ØK, avdelingssjef for Plan og Miljø ØK, kommunegartnar ØK til ein gjennomgong og vi forventar at det vert gjort vedtak som vert sett gong snarast.
Alle må no gjere sitt for at det kan finnast ei snarleg løysning slik vi får behalde den optimisme som er skapt gjennom satsinga til Cruise Service AS sin båtrute. Skal dette forsette må tilreisande ha noko å ta seg til på Sæbø ved besøk og det må være ein triveleg plass som møter dei. Hotellet er lokomotivet for turisme på Sæbø og her må nye ting skje då det har vore minmal med drift dei siste åra.
Trivseltiltaka i Sæbø må kome frå næringsdrivande og innbyggarane sjølve skal dei ha verknad. Vi støttar dette arbeidet som planlagt og håper på eit Sæbø 08, som folk set pris på. Hjørundfjorden er også i lag med Eikesdalen utpeikt som pilotprosjekt for turistutvikling på Vestlandet. Det er no eit arbeid sett i gong som vi vil sjå resultat etterkvart og då må bygda være klar med sitt.
Det viktigaste er at vi er stolte av bygda vår og praktiske ting er noko vi sjølve kan ta tak i og i felleskap er det mykje vi kan ordne på.
Ha ei fin helg.
Ivar Svein Mo -leiar Hjørundfjord bygdemobilisering
Når det gjeld utval av bilde så viser dei noko av det første ein ser når ein kjem inn i Sæbø: haug og berg av stein og jord, gamle slitte skilt, blomekassar av betongrør og mykje ugras. Vi er kanskje blitt blinde for desse tinga, og ser dei ikkje meir før vi får bilda på portalen saman med flotte blomebilder frå Ørsta. Slike flotte blomekasser (med blomar) set kommune ut i Ørsta, på Sæbø får vi nei når vi spør. Derfor må vi gjere det sjølve - heldigvis er dugnadsånda sterk her i fjorden vår.
Mange av oss skulle gjerne hatt akkurat denne dugnaden tidlegare, men no er mai og juni full av dugnader. Det er ikkje lett å stå som arrangør av ein dugnad i desse dagar......
Eg undrast imidlertid ofte over ei "sentrums-kald skulder" i høve Hjørundfjorden frå kommuna.
Det er heilt greitt å ettelyse privat og næring-iniativ lokalt,men det er og har vore holdt i hevd på Sæbø i årevis.
Det er den "seige" og fråverande kommunale tilstade som imidlertid synast mest.
Hjørundfjorden sitt uløyste potensiale ligg i retning Ålesund. Såvel geografisk som tradisjonelt, og no turistmessig.
Kvar trur de i hovudsak vitjande til Trandal kjem frå? Eller besøkande med "Nordic Lady" til Rekkedal Gjesthus med gjester "nordaifrå?"
Likeeins til hotellet på Øye.
For båtfarande er vegen Hjørundfjorden!
Hotellet på Sæbø synast no orientere seg mot Ørsta. Ein strategi som er feilslegje. Men det er mi meining.
Det er elles grenser for kor mykje som skal "ansvarleggjerast privat" i Sæbø sentrum.
Toalett-tilhøva er eit kommunalt ansvar. Ferjeleie er eit fylke/kommunalt ansvar. Det same med Presteboligen.
Orienterar ein seg vidare i sentrum, kjem vel den kommunale dampskipskaia under same kategeori.
Ansvaret for at den tidlegare aldersheimen no ligg og bind opp minst 4 event. byggeklare tomter er og kommunalt.
Byggefeltet på "Prestemarka" som eg har høyrt om sidan familien Strand kom til Sæbø, ligg framleis urøyrd.
Sæbønes 2 byggefelt synast ligge i dvale. Dei kommunale friområda på Sæbø vert ikkje ivaretekje.
Meir kan nemnast.
Konklusjonen er at Sæbø (og Hjørundfjorden) ikkje kan stole på å verte ivaretekje og utvikla av Ørsta kommune.
Eksterne investorar som såvel økonomisk som etisk og moralsk held mål, er det Sæbø og Hjørundfjorden treng i si utvikling.
Kanskje burde Mobilisering for Hjørundfjorden tenke i den retning?
Ei mengde døme på "øydeleggande" inntrykk i tillegg finnast.
På tide at det presenterast nett her på portalen.
Om ikkje Grendalaget har noko imot det, tek eg imot Mobilisering for Hj.fjorden si oppmoding om enkeltpersonar og initiativ.
I løpet av veka plantar eg sumarblomar i alle dei kommunale "kumane" og fjernar ugras frå sentrum!
(Kostnadsfritt.)
Eg fekk i går ikkje høve å kommentere innlegget ditt, Perry!
Du er ei drivande kraft for Bjørke og innarste Hjørundfjorden! Du vågar å ta opp og presentere saker som kjem bygda di til gode.
Det skal du ha ros for!
Når eg tenkjer attende på storlaksen i Bjørke-elva, (kongeleg Lærdals-stamme) gremmast eg over å tenkje på dei få tekne laksane i elva i fjor. Antalet var ikkje større enn ein kunne telje på ei hand etter som eg skjønar.
Råtne campingvogner og anna rusk og rask etterletne av fiskarar som forsvann saman med villaksen, flettar seg fint i dei "efterlatenheter" som oppdrettsanlegget på Bjørke-vikja etterlot seg.
Ta tak i det og stå på Perry!