Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon

Det vart hastverk denne gongen også.  Siste sauen for i år lamma klokka 08.  Ferja frå Sæbø skulle gå 0845.  Eg rakk ferja med god margin - ho var fem minutt forseinka.

Vi rakk til og med å lesse utstyret mitt over i Audien til Olav (Haugen).  Eg parkerte så bilen min  og sprang ombord i ferja.  Ferja var nesten full av bilar, bilar som igjen var fyllte med skifolk.  Tida går raskt i godt lag og snart klappa ferja til kai på Lekneset.  Eg sprang bak til Audien til Olav, opna bakdøra og skulle setje meg inn.  Der var det fullt i baksetet.  Eg sprang rundt og prøvde den andre bakdøra, fullt her også.  Eg såg på Olav, eg kjende han ikkje att.  Så såg eg på passasjeren i framsetet -  Ronny (Opsahl Haugen).  Han hadde blitt dame.

No innsåg eg det, eg hadde valdt rett bilmerke, men feil bil.  Eg må berre be om orsaking til det ukjende paret.  Det var ikkje ei form for haiking eg prøvde på...

Men det ordna seg etter kvart.    Ronny hadde tidlegare i veka invitert til tur på Råna og no var vi på veg dit. 

IMGP4468 kopi 

Dei som ville ha det kjekt, valde Råna

Skal du til denne fjelltoppen, køyr etter rv. 655 til du møter brua over Urkeelva.  Ta av der skiltet syner "Urkegjerde" og køyr framover Urkedalen så langt som du kjem - i alle høve nesten til den første setra, Haukåssetra.  Vi måtte stoppe eit stykke før p.g.a. Breidfonna som sperra vegen.  Så er det berre å gå framover Urkedalen til du ser skiltet med "Råna" på og gå vidare til du møter snøen.

IMGP4378 kopi

Det er på tide å forlate våren og det grøne.  Skifellane må på

Turen framover Urkedalen, forbi der du går opp i Grøtdalen og vidare framover til Nordkopen gjekk utan problem.  Stort sett alt av snøfonner hadde gått tidlegare og underlaget var heilt ok å gå på.  Eit par-tre hadde tydelegvis teke denne turen nokre dagar før oss.  Litt trekk var det på mesteparten av turen, men likevel vart dette ein fantastisk dag.  Ikkje ei sky var å sjå på himmelen.

IMGP4387 kopiIMGP4391 kopi

Sjekk den elegante stilen til Ronny (t.v.). I team Somby har det visst blitt vanleg å vise hud.  Ronny skuffar ikkje.  Bal Olav ser vi Urkedalen og der Grøtdalen går opp til venstre.

Tek ein utgangspunkt i "sommarboka" til Iriss Forlag,  "Fotturar på Sunnmøre", valde vi rutealternativ  A (side 205), dvs. gjekk opp til Nordkopskaret.  Dette er den finaste varianten og denne ruta skapte ingen problem - berre det motsette. Men før vi kom så langt, måtte det mat til.

Råna 10.5

Mat og drikke høyrer med.  Men har ikkje underteikna(t.h.) allereie fått ein lei raudfarge i ansiktet?  Heldigvis har Olav sterke solkremsaker med.  Mannfolk som ikkje brukar faktor 24, er pingler - meiner Ronny(t.v.). Foto:  Olav Haugen

IMGP4401 kopiIMGP4403 kopi

Når du kjem opp i Nordkopskaret får du igjen luft under vengane.  Utsikta er fantastisk og på foto til venstre dukkar Standal opp.  Til høgre slår Ronny fast at Kolåstinden har ein tendens til å dukke opp over alt - same kva fjell du går på i Ørsta.

Vi gjekk no vidare etter fjellryggen nordover til vi møtte ein hammar, som det står i boka.  Ingen problem med å passere her no.  Snøen ordnar det meste.  Sjå ruta på fotoet til Helge Standal/Iriss Forlag under.

Råna

Fotoet til Helge Standal syner den flotte - og i alle høve denne gongen - uproblematiske ruta til Råna frå Nordkopskaret.

IMGP4417 kopi

Litt problematisk kan denne passasjen vere, men ikkje i dag

Utsikta frå denne nemnde fjellryggen er fantastisk.  I tillegg hadde det ein passasje som kunne minne om Gjenineegga og fekk Olav til å sitere frå Bukkerittet til Peer Gynt.

IMGP4426 kopi

Sjekk blikket til Ronny

IMGP4430 kopiIMGP4431 kopi

Denne snø"egga" fekk Olav til å sitere frå Bukkerittet til Peer Gynt.  Dei to-tre andre skiløparane som hadde gått føre oss nokre dagar tidlegare, hadde valt å snu ved eit lite knep rett framom Olav(t.v.).  No var vi åleine på sjarmøretappen mot toppen.

IMGP4435 kopi

Menn vert små i stor natur.  Dette fotoet er teke til ære for Svein Myhre.  Gjekk fotografen høgt nok opp?  "Breane arbeider stadig med sine langtidsprosjekt; å gjere Rånaplatået om til ei smal egg".  Det er Helge Standal som skriv dette i boka.

Og for den som måtte tvile; det er framleis like kjekt å nå målet - toppen.

IMGP4448 kopiIMGP4452 kopi

Først Ronny, så Olav og Ronny og til slutt...

IMGP4454 (Large)

...Så underteikna, Olav og Ronny

Skitur på Råna på denne tida av året gjev nok ikkje dei beste renne-/køyreforholda.  Det var vi klar over og hadde difor vurdert å renne ned til Trandal.  Ulike grunnar - mest tida - gjorde at vi denne gongen ikkje valde denne varianten.  Som Ronny sa det: - Når vi fyrst er så høgt oppe, burde vi gått på eit par andre toppar her også og så rent ned til Trandal.  Sjølvsagt er eg samd i det, men kanskje litt tidlegare på året.

Vi tok ein litt annan veg ned (omtrent variant B i boka). Turen var overraskande fin, men eit midtparti vart i brattaste laget for den oppbløytte snøen/sluchsnøen på toppen - den ville ikkje ligge fast då vi kom...  Men du verden, vi hadde det kjekt nedover, berre sjå under.  Ronny først.

IMGP4467 kopiIMGP4502 kopi

T.v.: Klar..                                                  ...Så ein liten sving - Ferdig...

IMGP4468 kopi

Gå!

Så er det Olav sin tur.

IMGP4481 kopi

Olav gler seg her over overraskande gode køyreforhold ned frå toppområdet.  Fotografen gler seg over Årsethornet og ser eg ikkje kjøkenvindauget mitt også?

Under legg eg ved edit foto av Råna tatt frå kjøkenvindauget her heime på Årset i Bondalen dagen etter (litt innzooma)

IMGP4563 kopiIMGP4469 (Large)

    

På foto over ser vi Regndalstinden til høgre og Råna i midten.  Fotoet er tatt frå kjøkenvindauget mitt dagen etter denne turen.  I tillegg viser vi no - etter eit uttal oppfordringar - Ronny si vellykka landing etter hoppet som er synt over.

IMGP4504 kopiIMGP4506 kopi

T.v.:  Nytt foto til skisporsamlinga mi.  Og så dagens første spørsmål:  Kva heiter fjellet i Ronny sine briller? (Klikk på fotoet og få det i stor versjon)

Så var det å halde fram verda vidare nedover mot Urkedalen.

IMGP4510 kopiIMGP4520 kopi

I eit midtparti ville først ikkje snøen sitje fast, men så var det berre å starte med paralellslalom.

IMGP4541 kopiIMGP4522 kopi

Ronny likte seg godt denne dagen sjølv om det var ein idiot som hadde skrensa bort snøen for han.

IMGP4527 kopi

Stil og eleganse er stikkorda.

IMGP4549 kopiIMGP4530 kopi

Olav held seg meir på bakkenivå, men utan tvil kosar han seg like mykje som sonen.  Ein skulle ikkje tru at denne mannen snart er...

IMGP4533 kopi

... Var det 40?

Kva gjer ein så når ein må vente heile 25 minutt på neste ferje?  Ein liten matbit igjen - i det grøne, sjølvsagt.  Kan ein ha det betre på denne ein av dei flottaste dagane i løpet av heile året?

IMGP4558 kopi

Takk for turen?  Ikkje enno, for i dag er det heile to quizar.  (Eg trur eg veit svaret på ein av dei) Kva heiter fjellet og blomen under?  Begge fotoa er tatt på denne aktuelle turen.

IMGP4395 kopiIMGP4552 (Large)

Og så:  Takk for ein fantastisk tur.

Denne blomen er så flott at eg må lage ein quiz til.  Kva heiter blomen under?

IMG_1441

Kva heiter denne blomen?  Foto: Karl Johan Grimstad, Brandal.

Denne blomen står på raudelista og fotoet er tatt no i helga i Hjørundfjorden - på same side av fjorden som gullstjerna.  Om du ser den, nyt synet, men la den få stå i fred.