Evaluering av overnattingstur                     

 

Dato: 20-21 Mai 2008

Stad: Skotshalsen, Stordal

Personar: 29(33*)

Værtype: Overskya,stadvis sol,regn og snø

Temperatur: 2-12o C

Vindretning: Skiftande bris, varierande mellom sør og vest

 

*33 personar ved slutten av dag 1 og resten av dag 2

Dag 1.

Første etappe: Stranda-Fjellsætra-Fasteindalen-Årsetsætra

Det var oppmøte ved Stranda Vidaregåande Skule klokka 08.20, tirsdag 20 mai 2008. Her møtte 20 elevar og 2 lærarar, pluss ein frivillig sjåfør. Dei 7 andre elevane blei plukka opp ved HydroTexco-stasjonen i Sykkylven og blei derifrå køyrd opp til Årsetsætra der resten kom køyrande frå Stranda. På grunn av plassmangel måtte nokre ta 08.55-bussen til Ålesund og hoppa av ved krysse til Fjellsætra. Her blei dei plukka opp av den frivillige sjåføren og køyrde ned Fasteindalen til Årsetsætra. På sætra stod resten av gjengen og venta, og etter litt pakking og avkleding var vi klar for tur. På Årsetsætra, ca. 200 m.o.h, starta andre etappe av turen.

IMG_3026

Førsteklasse ved Stranda VGS klare for tur. Årsetsætra. 

Andre etappe: Årsetsætra-Årsetvatnet-Brekka-Ytste Skotet

Rundt klokka 11.00 var det klart for avreise frå Årsetsætra og retninga var opp mot Årsetvatnet på 590 m.o.h. Her brukte vi stien sør-aust for Årsetelva, som følgde den gamle anleggsvegen opp til demninga ved vatnet. I rundt 400-meters høgde møtte det oppsprekka feltet på den fyrste snøen, og ved demninga til Årsetvatnet låg det omlag 10 cm nysnø, enkelte stadar oppå gamle snørestar. Her blei det tjue minutts pause med ein liten matbit og litt drikke. Ikkje mange minutta etter ankomst til demninga, dreiv det inn skodde frå nord-vest, og saman med den kom det ei snøbye.

 

IMG_3052

Snøgrensa er nådd.

IMG_3074

Demninga ved Årsetvatnet.

IMG_3075

Same stad fire minutt seinare.

Ruta følgde no den igjen-snøa stien nord for vatnet og dei fremste fekk ein vanskeleg jobb å trakke spor. På grunn av den våte nysnøen hadde lagt seg som eit lag oppå bakken, blei det no vått og ekstra sleipt å gå. Lenger inne var snøfelta frå den gamle snøen større, slik at det var enklare å følgje desse utan å vere redd for å skli på ein stein eller liknande. For dei fremste innebar dette å finne det beste vegvalet, samt kave seg igjennom 40 cm blaut snø. For dei som gjekk lenger bak, var det imidlertid noko enklare å gå sidan dei følgde det stadig opptrakka sporet framfor dei. For dei fremste kunne det difor ha vore freistande å følge dei lave ryggane innover langs vatnet, fordi her låg det kun nokre centimeter samansmelta nysnø. Kryssing av elvedalane gjekk greitt på den måten at vi kryssa dei ved det smalaste punkte, og søkte mot bar bakke der vatnet rann slik at vi kunne bruke steinane til å kome oss over. Dei mange snøbruene såg noko tvilande ut.

IMG_3095

I snøkave innover Årsetvatnet.

IMG_3104

Trasking i blaut snø.

IMG_3109

Gjengen helsar på fotografen.

Ved toppen av Brekka, eit skar, eller rettare sagt ei pass over den smale dalen og nedover mot Skotsdalen til Ytste Skotet, var det komen mykje snø, og elevane tykte det var retteleg morosamt nedover dalen. I krattskogen nedover mot garden var det vått og sleipt, men vi kom alle saman trygt fram til garden på Ytste Skotet på 225 m.o.h.

IMG_3124

Snø er eit artig fenomen.

IMG_3133

Kanskje ikkje like kjekt for alle?

Erlend å Lars

Desse fekk nok snø i buksa ja?

IMG_3143

Storfjorden med Ytste Skotet heilt nede, gøymd bak den kvite snøryggen.

 

Tredje etappe: Ytste Skotet - Me-Skotet - Inste Skotet - Skotshalsen

IMG_3186

På Ytste Skotet.
 

Etter å ha slått av ein prat med eigarane på Ytste Skotet, gjekk vegen vidare til Me Skotet. Her dukka også eigaren fram på hustrappa og fortalde om plassen. Vi fortsette til Inste Skotet der vi tok av og gjekk råsa nedover Skotshalsen.

 New panorama 1

Frå Me-Skotet.

IMG_3275

Barske lærarar? Frå venstre Stein Øyvind Magnell og Bjørn Inge Drabløs.

IMG_3279

Frå nedstigninga ned Skotshalsen. Bygda Dyrkorn på den andre sida av fjorden.

Den bratte ura var kanskje ikkje like kjekk for alle, spesielt ikkje for dei som gjekk heilt ned til sjøen og fekk vite at dei var gått for langt ned. Her, på eit jordstykke ca 50 m.o.h, fann vi oss overnattingsplass og ly for natta, og det blei straks sett i gang med å få opp gapahukane.

IMG_3301

Nokre av jentene i full gang med oppsetting av gapahuk.

IMG_3305

Desse var effektive med oppsettinga og det blei belønna med ein kvil.

Vi var på førehand delt inn i grupper, men mange valde å slå seg saman om bygginga av overnattingsstaden. Det blei brukt presseiningar av ulik storleik, og saman med ein bunte tau, og nokre stokkar, blei det mange flotte og gode gapahukar. Vi hadde slått oss ned på ein tidlegare teltplass og grua av bålet frå den gong var her endå. Sidan det hadde regna dei siste dagane, var det ikkje lett å få tak i ved og kveikje som brann med det fyrste. Nokon hadde planar om å ty til raudsprit, andre tok plankar frå ei løe i nærleiken, men med litt kvist frå ei uttørka grein på ei furu, blei det bål også denne gongen.

Matlaging, «kokkelering» og eksperimentering

Når det fyrst blei fyr i bålet, spratt pølsene fram og det tok ikkje mange sekunda før dei var komen langt ned i magesekken. Andre valde rettar av meir krevjande kokke-grad, blant anna stod flambert løvsteik på menyen hjå nokre, wok-blanding til andre, bacon-skive og ei gryte beståande av ris, kylling og ein formidabel saus var andre fasilitetar rundt bålet. Dessert blei, ikkje så uventa, svartsvidde marshmallows.

IMG_3307

Wok'en er snart klar.

Fisking, «heksebrenning» og fotografering

Seinare på ettermiddagen og kvelden blei det fisking, «heksebrenning» og fotografering som blei dei store slagerane. Når det gjeld fiskinga kan det seiast at det vart dreie på land mellom åtte og ti fiskar. Det kan vel også nemnast at det forsvann mellom åtte og ti fiskar den andre retninga òg, då tenkjer eg på dei små fiskane med krok på som plar å henge fast i enden av sena.

IMG_3396

Kveldsfiske.

 IMG_3407

Delar av regnbogen er på plass.

Likevel blei fangsten behandla på bålet, nokon innpakka i grønsaker og folie, andre blei servert uten. «Heksebrenninga» var eit lite show nokre av elevane synte fram, der dei hadde taua fast ei av jentene til ei ung bjørk.

Innflyttarar, økse-massaker og «døgning»

På båt frå Stranda, kom tre nye innflyttarar(elevar) til den nokså komfortable leiren vår. Desse hadde våre opptekne med sine private ærend, og kunne difor ikkje bli med oss andre frå byrjinga. Utover kvelden blei det spekulert om der budde ein mann i brønnen like ved. Noko hadde kanskje sett litt for mykje av filmen «Villmark», så det blei likså godt spelt inn ei scene med stillbilete på staden.

IMG_3458

Under "innspelinga" av "Økse-massakeren" med Ida Olsen i hovudrolla som Økse-massakaren og uskyldige underteikna som offer. Regi: Gina P. Lersveen

Utover kvelden så slo vi oss til ro, og enkelte fann soveposen sin før andre. Nokre hadde eit mål med seg sjølv og det var å «døgne»(vere vaken) heile natta. Dette innebar imidlertid ei lei surring rundt omkring på området på stadig jakt etter å finne noko som ikkje likna eit tre? Det var trass alt ikkje så mykje ein kunne ty seg til på den vesle pletten av eit jordstykke.

Dag 2

Fjerde etappe: Skotshalsen - Inste Skotet - Skotssætra - Vidhammar

Vekking og flukt-forsøk med båt

For enkelte var opphaldet i soveposen den natta ei kald oppleving. For ein derimot var soveposen den beste staden å opphalde seg under heile turen og ein måtte til med noko brutal vekking for å vekke han. Den gode,varme atmosfæra nede i soveposen og tankane om ei naken ungjente springane på ei strand blei direkte kortslutta av ein febrilsk teltduk-risting. Om offeret felde ei tåre er eg ikkje så sikker på, for smilet var i god behald ikkje lenge etter på.

Nico

Denne karen har smilet i behald.
 

Frukosten var ei blanding av restar frå tidlegare måltid og oppsmuldra brødskiver. Nokre prøvde seg også på ein varm kopp kakao, om ikkje te. Medan resten stappa i seg maten byrja enkelte så smått å pakke saman sakene sine.

Vi er no inne i den fasen av forteljinga/evalueringa der action og skytinga burde byrje, men som om ikkje det var nok vart det oppdaga planar om flukt-forsøk via sjøvegen. Om det var i forsøk på å leike slu piratar eller om dei skulle forsikre seg om å rekke den tørre Champions League-finalen same kveld er ikkje godt å sei, men via sin kontakt frå Sykkylven var karane i ferd med å forlate leiren med ein båt som låg klar nede ved kaia ved sjøen. Flukt-forsøket blei dessverre oppdaga, om det var sabotasje frå storøyra lyttarar eller kva det var kan ikkje underteikna sei så mykje om, men at flukt-forsøket blei oppdaga kan ein trygt slå fast.

Etter det tapre flukt-forsøket var det endeleg klart for turen mot Vidhammar og båten som skulle kome og hente oss der.

IMG_3509

På veg opp att frå sjøen. Dyrkorn på den andre sida. Vidhammar blir inn fjorden til høgre. 

Vi vandra gjennom dei flotte furuskogane bortover til Skotssætra og vidare mot Vidhammarsætra då det blei oppdaga feil på ruta vi gjekk. Det var nokre nervepirrande minutt for enkelte, som sa til seg sjølv at dei nekta å gå attende for så å finne råsa som antaglegvis gjekk lenger oppe i sida. Vi hadde lukka med oss og fann ut at vi hadde teke ein snarveg «under» sætra, lenger nede i fjellsida, og kom så innpå stien igjen som førte oss ned til Vidhammar og målet på denne turen. Nede ved sjøen tok to av elevane eit forfriskande bad i den kalde sjøen, medan sluk-kastarane var snare å leite fram fisketrodene sine. Jammen sleit ikkje dei ein krok her òg.

IMG_3544

Nesten nede ved fjorden igjen.

Frå Vid

Frå Vidhammar var utsikta upåklageleg. Stordal t.v, Stranda t.h.

IMG_3554

Ventar på båt...

Båten som skulle hente oss, hadde sjølvsagt fått motorstopp, noko som innebar ekstra venting. Men «Skots-ekspressen» kom til unnsetning og ikkje mange timane seinare satt det mange forventningsfulle fotballfans framfor TV'ane sine. Jammen vart det ikkje ein god kamp òg?

Foto og tekst:Håvard Myklebust