Under betongarbeid på eit naust på Sæbø i Hjørundfjorden, var det torsdag ettermiddag ei alvorleg arbeidsulykke. Ein person miste livet.  Det er Sunnmøre politidistrikt i Ålesund som opplyser dette.

Ulykka skjedde i samband med støypearbeid på naustet.  Ein betongbil med kran/betongpumpe, som stod på den kommunale vegen frå Sæbø til Sæbøneset, velta.  Etter det hjorundfjord.no får opplyst, skal føraren av betongbilen ikkje ha kome fysisk til skade.  Personen som omkom,  arbeidde i det aktuelle naustet

IMGP4355 (Large)

IMGP4344 kopi

Ein betongbil med kran velta

Kort tid etter ulykka, kom det både ambulansehelikopter, ambulansebil, brannbilar og andre redningsetatar til staden.  Diverre var det ikkje mogleg å redde livet til personen.

IMGP4354 (Large)

Det kom raskt ambulansepersonell og anna redningsmannskap til staden. 

Det var den 57 år gamle Anders Edvin Rebbestad frå Follestaddalen som omkom i arbeidsulykka.