Natttakst frå kl.01.00.
Ein gjer merksam på at tid for å rekne nattakst har vorte endra frå kl 2400 til kl 0100 for å gjere det mogleg for fleire å delta i arrangement i t.d. Ørsta sentrum
I desse tingingane med operatør har ein teke med seg dei signal som har kome fram i formannskapet i samband med handtering av skriv frå lag og organisasjonar i Hjørundfjorden.

Dei subsiderte prisen er fyrst og fremst for fastbuande i  Hjørundfjordbygdene
Formannskapet har bede om ei sak for å avklare takstar og ordning for bruk av skyssbåten på Hjørundfjorden. Det er naudsynleg med avklaring på dette av fleire årsaker. Når det kom nye drivarar på skyssbåten vart tidlegare ordningar vidareført. Det er likevel klart at måten anbodet vart utforma på gav kommunen høve til å gjere endringar. Det vil såleis vere tenleg med ei drøfting på korleis ein best nyttar den resurs som skyssbåten er. Dette både i høve utvikling i Hjørundfjorden, men ikkje minst for å sikre ein best mogleg kvardag for dei som bur i området både i høve livskvalitet og sikkerheit.

Ørsta kommune kjøper i dag inntil eit gitt tal kilometer. Dette disponerer kommunen fritt til kommunale aktivitetar. Utover dette skal båten også køyre som rutebåt mellom Sæbø – Trandal og Standal for Møre og Romsdal fylke. Dette er regulert av avtale med Møre og Romsdal fylke.

Ny avtale er utarbeidd mellom kommuna og driftselskapet.

I samarbeid med selskapet som driv skyssbåten på Hjørundfjorden har ein no fått utarbeid eit framlegg til ordning som vert lagt fram for formannskapet. Dette gir Ørsta kommune vesentleg meir handlingsrom for korleis båten kan brukast i forhold til den avtalen som hadde vore tidligare. Kontrakt går på kjøp av 25000 km pr år. Som det går fram i avtalen, skal bruken av dei kommunale kjøpte km. brukast til kommunale tenester, men Ørsta kommune har rett til vidaresal av km til  Møre og Romsdal fylke, Den Norske Kyrkja, Tussa AS eller anna statleg eller offentleg verksemd. Vidare kan det avtalast eigne avtalar mellom Hjørundfjord Fjordservice AS, Ørsta kommune og lag og organisasjonar Hjørundfjorden. Personar med fast tilknyting til Hjørundfjorden vert også omfatta av avtalen etter eigne reglar

Det er likevel ein føresetnad at ikkje Ørsta kommune opptrer på ein slik måte at vi undergrev operatøren sitt økonomiske grunnlag for inntekter utover avtalen med kommunen.


Det er for Ørsta kommune ein vanskeleg balansegang mellom ønskje om god tilgjenge på rimeleg skyss i Hjørundfjorden og ansvaret for å avgrense dei økonomiske kostnadane til skyssbåten. Dersom ein går innfor svært rimelege takstar kan ein risikere så mykje bruk av båten at tal km går utover 25000. Dersom det skjer må kommunen betale ein høgre pris pr km.

På denne bakgrunn har ein no tinga med Hjørundfjord Fjordservice AS og funne fram til eit oppsett som begge partar kan vere samde om.. Desse kan eventuelt endrast etter ei periode når vi evaluerer ordninga eller at det er politisk ønskje om ny vurdering.

Rådmannen får fullmakt til å gjere mindre endringar som ikkje er av prinsipiell karakter.

 

Ruter og priser for MS Hjørundfjord.      
             
Ruter:            
Dagleg måndag – fredag:        
Kl. 0745: Sæbø – Trandal – Standal – Trandal –Sæbø.    
Pris :Kr 50          
Signaltur. Inntil 20 avgangar pr månad, måndag – fredag mellom kl. 0600 – 2400.
Pris: Kr. 50          
             
Tirsdag:            
Bygderute fra Sæbø kl. 1145 – Bjørke – Sæbø og retur kl. 1430 til Bjørke-Sæbø.
Pris: Kr50           
Andre bygderuter person og gods v/ stengd vei: Ferjetakst ved følgje  
             
Arbeidsruter: Pris etter avtale med Ørsta kommune. Skår/Leknes .  
             
Subsidierte priser: For folk som bur i Hjørundfjorden.    
             
Subsidiert privatskyss       Kr.        Pers.tillegg  
Sæbø – Bjørke 750 40      
Sæbø – Finnes 700 40      
Sæbø – Viddal 550 40      
Sæbø – Leira 625 40      
Sæbø – Skaar 300 40      
Sæbø – Leknes 300 40      
Sæbø – Stennes 325 40      
Sæbø – Urke 300 40      
Sæbø – Øye 500 40      
Sæbø – Trandal 325 40      
Sæbø – Standal 400 40      
Sæbø – Ytre Standal 600 40      
Sæbø – Øye – Trandal 700 40      
Sæbø – Leknes – Trandal 400 40      
Sæbø – Bjørke – Trandal 925 40      
Sæbø – Standal – Trandal 500 40      
             
Mellom kl. 0100 – 0600 Nattakst 100%.      
             
Charterturer: Pris avtalast med båtfører.      
             
Lag og Organisasjoner i Hjørundfjord kan leige båten til subsidierte   
priser etter avtale med båtførar (inntil  2gongar pr år)    
             
Krav til beredskap:          
Dag/Kveld:  2 timar. I perioden 16 mai-30 sept. Ingen krav.    
Natt(Dvs. når ferga ikkje går): 2 timar. I perioden 1nov-31mars 1 time.  
MS Hjørundfjord tilstrebar kortare reaksjonstid som normalordning.