Representantar for Styringsgruppa og Arbeidsgruppa for Sæbø i Bygdemobiliseringa, leiar i Grendalaget, representantar for Sjukeheimen møtte teknisk sjef, avdelingssjef for Plan og Miljø og kommunegartnaren i Ørsta kommune onsdag.
Hensikta med møte var at Hjørundfjord bygdemobiliseringa hadde bedd om dette møte for å få kommunegartnaren til å planlegge det nye grøntområde nedom sjukeheimen. Hjørundfjorden treng no eit Sæbø sentrum som er presentabel for folk som kjem til bygda denne sommaren. Slik området ligg i dag grått og støvete, kan vi ikkje ha det. Dette har vi fått forståelse for i kommuna, og ei skisse over korleis det skulle løysast vart presentert. Alle frammøtte var svært tilfredse med løysninga, og det som var forskjell mot tidlegare omtala løysningar, er at vegen langs sjøen vert lagt innpå land, med 5 m grønt felt utanfor som kan høve til planting av buskar og tre. Det er tidlegare vore heilt klart at her måtte det byggast ei 3 m. brei betongbru over Lisjeelva som kunne brøytast. Dette har kommuna no gått vekk ifrå, og vil nytte den eksisterende gamle brua og bygge ei enkel og billig trebru som ikkje skal brøytast om vinteren. Dette forslaget kan vi ikkje sjå noko vanskar med. Men avdelingsjef Wangen er klar på at det skal være ei fin bru, som igjenspeglar tradisjonar og identitet. Ei kvelvingebru av stein ville ha vore noko her, men kven skaffar pengar?? Dette er noko vi er enige i, og no kjem identitetsarbeidet oppatt, med slagord og merkenamnet Hjørundfjord.
Kartskisse som er under utarbeiding av Ørsta kommune. Her vil det arbeidast vidare, men hovudpunkta var svært gode som eit utgongspunkt.
Etter skissa vil no heile parkområde binde saman hamna, hotellet, sjukeheimen til dagleglivet i sentrum og nedanfor sjukeheimen er det tillaga ei ”vorte” i promenade kanten, som egnar seg for tilplanting, muring av ein sirkelforma mur som kan settast benkar attåt, og i midten ei fontene. Her kan også Hjørundfjorden få sitt monument som viser identiteten til fjorden, slik ”Fiskarkona” gjer på Vartdal. I Lissjeelva skal det murast ein dam som kan verte ein trivelg plass med ender og fisk.
Ørsta kommune har i Hjørundfjorden ei stor utfordring på Sæbø.
Det som kan gjerast i fyrste omgong utan å få laust dei heilt store midlane er å lage ferdig vegen/stien langs promenaden. Legge naudsynte avløp. Køyre på mold og så til, og å bygge trebru. For vedlikehaldet seinare er det ynskjeleg med asfalt på stien, meiner kommune-gartnar.
Teknisk sjef vil hjelpe oss å lage til ei prosjektering og eit kostnad overslag, men har ikkje pengar til arbeidet i dag, så her vert utfordringa til Hjørundfjord bygdemobilisering å overbevise politikarane om at dette er ei svært viktig sak å satse på Sæbø.Vi kjem då til å vise til kva nabokommuna Stranda har fått til, og er igong med. Ansvarleg politikarar vil då tenkje fyrst og fremst på dei lovpålagde oppgåvene kommuna har og meine dei ikkje har råd, men då vil vi argumentere at ØK har ikkje råda å la være. HB har inne ein søknad frå sist haust til ØK om 500.000 kroner til fortsettelse av utviklig på Sæbø. I dette siste mobiliseringsåret er det viktigt å dokumenter at hjørundfjordingane kan legge ned ein stor eigeninnsat og dermed må ØK ta sin del. Dette arbeidet kan vidare utløyse betydeleg summar frå Staten til tettstadutvikling, trur vi.
Helge Strand har begynt på eigen-innsatsen, ved å renske gammal strøsand, ugras og plante til. Dette er ein flott innsats som ikkje politikarane kan oversjå når dei skal behandle søknaden om midlar til Sæbø.
Kva slags materialer og tilplantnig skal nyttast.
Noko som var diskutert på synfaringa var kva slags tillplanting skal nyttast. Har Hjørundfjorden noko som er spesielt? Svaret er ja. Vi har Furu, Bjørk, Barlind, Alm, Rogn og Eine, for å nemne noko. Alma er ein vesentleg del av kulturen då borken var redninga i uår til borkemjøl. Sikagrana som er eit importert treslag og er til eit stort problem på Molaupen og Strandabøen, må ikkje nemnast i det heile.
![]() |
||
Trebru i Elvadalen i Volda | Kvelvingebru på Y.Standal |
Skal det verte trebru så er det vel naturleg å nytte desse nemnde tresortane til brumateriale. Her kan vi også tenkje smijern då vi har hatt noko av dei flinkaste smedane frå Hjørundfjorden. (Sjå rekkverk til Bernt Riise på den gamle Villabrua) Ei steinbru kan være målet, men her må det betydeleg midlar på plass og ei trebru kan være ”ventebrua” til ein eller annan har funne ei gullgruve.
Vi treng pengar og teikning av ei bru og vi treng gode idear frå folk om beplantning.
![]() |
![]() |
Fiskarkona på Vartdal (Foto Alf Mo) | "På saltsteinen" - Hellesylt |
Hjørundfjord bygdemobilisering oppfordrar alle å kome med sine bidrag til dette viktige arbeidet. Har vi eit rikt firma, enkelperson(ar) som kan gje oss eit monument som viser identiteten til fjorden, slik dei har fått til på Vartdal og Hellesylt?
I Norge vokser barlind spredt i kyststrøkene nord til Hjørundfjorden der Europas nordligste forekomst ligger. Enkelte av trærne er opp til 9 meter høye med omkreets på opp til 1,6 meter. Barlind her ble påvist alt i 1918 av Ove Dahl. Barlinda vokser også lenger ute og inne langs den sørvendte siden av Hjørundfjorden
Ivar Svein Mo
Kommentarar
Mange fekk ikkje far heim.
Kanskje ei statue av mor og eit barn som ser ut over fjorden eller opp i fjella.
Det kunne stå under Når kjem far heim mor.
Fjella og fjorden har påført mødrene mange tunge stunder.
Tenk for en insats mødrene har gjort opp igjennom tidene når dei blei heime åleine etter å ha mista far.
Dei seier at ei på Leira røste ei seg i båten på vei ut Hjørundfjorden.
Ho hadde mistet 3 ektemenn og såg frå båten alle plassene ho hadde mist dei.
På Viddal var det vist 6 gråtene enker som sat og såg utover fjorden
Molaup ulykke må man ta med og Riseulykka og mange andre ulykker på fjord og i fjell.
Tenk for en insats mødrene har gjort i Hjørundfjorden etter ulykker som har våre her.