Grafisk design - merkevarebygging og profilering

Det er dokumentert at god design løner seg. Har du behov for råd og veiledning om korleis du kan formidle ditt produkt/teneste til marknaden?
Innhald og formål:
Tema som tas opp i kurset er merkevarebygging og omdømmebygging, visuelle identitet, visuell kommunikasjon (logo, brosjyremateriell, emballasje, etiketter, skilting  etc).  Kva gjer enkelte produkt til ein merkevare? Kva identitet/verdiar ønskjer ein å kommunisere ut til kunden og korleis kan ein oppnå ønska effekt? 
Det blir og informert om økonomiske verkemiddel og  kompetansetilbud. 
 
Mål med kurset:
  • Bevisstgjere, motivere, inspirere deltakarane til å sjå betydninga av bevisst jobbing med design
  • Sjå nytteverdien og behovet for å jobbe med eigen merkevare
  • Gje innspel/verktøy som hjelp for å kunne sjå med ”nye øyne” på eige materiell
  • Gje informasjon om tilgang på kompetanse og relevante virkemiddel
Målgruppe:
Nyetablerarar og nyetablerte bedrifter (yngre enn 5 år)
 
Fagleg ansvar: Mette Fagerli Merkeledelse. 
Mette Fagerli er siv.øk fra NHH og har MBA i Brand Management.  Fagerli har lang erfaring fra strategisk merkevarebygging, produktutvikling, strategisk design og kommunikasjon. Ho har arbeidd i Norges Eksportråd, Rieber & Søn Toro og den internasjonale reklamebyråkjeda Ogilvy & Mather.  I dag driv ho firmaet Mette Fagerli Merkedelse.
 
 
Lengde: Ein dag frå  kl 10:00 til ca kl 17:30
Kursavgift:  kr 500,-
Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar
Påmeldingsfrist:  Bindande påmelding. Påmeldingsfrist innan 1 uke  før oppstart (eller fram til oppstart dersom det er plass på kurset).
 
Kurset vert gjennomført under føresetnad av at det er minst 15 påmeldte.  Maks antall deltakarar er 20.
 
Stad:   Rica Parken Hotel, Storgt. 16,  Ålesund
Tid:     Onsdag 21. mai 2008  kl. 10.00-ca. kl. 17.30
 
 
Kontaktperson hoppid.no:
Oddrun K. Trengereid, Innovasjon Norge Møre og Romsdal,  tlf. 71 19 14 17