Desse tre hadde konsert i lag i Ørsta kyrkje for vel eitt år sidan, og dette samarbeidet gav meirsmak. Hovudtyngda av programmet på konserten blir barokkmusikk frå ulike land i Europa for song, blokkfløyte og cembalo Det er ikkje lett å få  tak i gode cembalo her i regionen, men til denne konserten har dei vore så heldige å få  låne cembaloet til Bruno Hame på Sæbø.

 

Hovudverket på konserten vil vere kantaten ”Ihr Völker, hört” av Georg Phillip Telemann.

Kantaten, som  vart skriven til ”Dei heilage tre kongars dag”, er oppdelt i fleire små satsar og sentral i teksten er den strålande stjerna som vismennene fylgde.

Frå dei mange vakre altariane frå kantatene til Johann Sebastian Bach, har musikarane plukka ut to arier som er originalkomponert for altstemme, fløyte og orkester.

 

Ragnhild og Cecilie vil også ha kvar si avdeling, Ragnhild med songar av  engelskmannen Henry Purcell og Cecilie Beate med blokkfløytemusikk av italienaren Antonio Vivaldi.

 

Det blir også ei avdeling med nyare musikk, og her får vi mellom anna vere med på ei urframføring. Ole Karsten Sundlisæter har skrive eit stykke for fløyte og orgel, ”Cecifl”, som er tileigna kveldens blokkfløytist, Cecilie Beate Mosland. Vi får også høyre stemningsfull musikk av franskmannen Jehan Alain.

                                            

Ragnhild Engeset er frå Hovdebygda og arbeider som musikklærar og musikar.

Cecilie Beate Mosland er frå Sandnes og er no student i Volda.

Ole Karsten Sundlisæter er frå Støren i Sør-Trøndelag, og er organist i Volda kyrkje.

 

   

Hjørundfjord sokneråd står som arrangør for konserten og det er kollekt ved utgangen.

                                                                                          

Velkomne til konsert!