I fotballkampen mellom Sandsøy og Sæbø, G 14, på  vart resultatet til slutt 13 - 10 til heimelaget.  Kampen vart spelt 2. pinsedag på grusbana på Sandsøya.  Det var 5-ar fotball som vart spelt og begge lag hadde både jente- og gutespelarar.

Det vart ein underhaldande og spennande kamp der Sæbø starta med to nesten-mål.  Det eine skotet gjekk i tverrleggaren, det andre i ei av målstengene.  Men så fekk Sandsøy tre raske mål og ein skulle tru at spenninga var over.  Det gjorde ikkje Emil, Sæbø sin populære og engasjerte trenar og vi som var publikum kunne høyre kommandoane hans gjennom heile kampen.  Og han og spelarane fekk løn for strevet. Måla til Sæbø kom også.  Sjå berre under.

IMGP4577 (Large)IMGP4592 (Large)

T.v. reddar nok målmannen skotete til Bjørnar Holen, men  Petter Årseth smekkar inn eit mål til Sæbø

IMGP4588 (Large)IMGP4615 (Large)

Spelaren som får ballen i mål til venstre, er Jonas Jelti, men han kom ikkje med på fotoet.  Til høgre er det Elen Holen som lurer målmannen. 

Sæbøspelarane er nok godt vande med ei god grasbane.  Difor vart det litt uvant å spele kamp på ei grusbane, men innsatsen var likevel på topp kampen igjennom sjølv om kreftene nok minka på slutten av kampen.

For underteikna (som slett ikkje er nokon fotballfagmann) var det kjekt å sjå den store framgangen som dette laget har hatt sidan fjorårssesongen.  Greier laget å ha trua på seg sjølv og spele saman som eit lag, vil Sæbø sitt G 14 lag få det triveleg på kampane framover.

Jentene på laget sin innsats må også nemnast.  Innsatsen var svært god også på dei, men dei var også gode.

Henrik Mo kom inn som reservekeeper.  Sjølv om han er yngre enn dei andre spelarane på Sæbø sitt lag, gjorde han ein kjempefin innsats.

IMGP4601 (Large)

Henrik Mo 

Før kampen hadde laget ein liten pep-talk med lagleiar Trond Holen og trenar Emil.  Grunnen var det litt slappe oppmøte mellom gutane på trening i det siste, men no lova spelarane full skjerpings og dei gjorde det heilt klart at Emil ville dei absolutt ha som trenar.

No vart det ikkje siger, men det er vel lov til å ta med eit sigersfoto likevel?

IMGP4571 (Large)

Bak frå venstre ser vi Petter Årseth,  Jakob Hustad, Bjørnar Holen, Rebekka Skylstad og Kjetil Rekkedal

Framme frå venstre ser vi Elen Holen, Emilie Ville, Henrik Mo og Jonas Jelti.  Mannen framme i det sporty antrekket er sjølvsagt trenar Emil 

På ingressfotoet ser vi dei same spelerane, men i tillegg ser vi lagleiar Trond Holen bak til høgre.