Etter litt att og fram er det klart at framsyninga av "Jonas i jungelen" vil vere på Bondalen Grendahus tysdag 20. mai kl 17.

Det er elevane i 6. og 7. klasse som har øvd inn dette syngespelet om vesle Jonas som ønsker seg ein hund, men ikkje kan få det fordi han har astma. Vi følgjer med han inn i jungelen, der han møter mange ulike dyr...

Velkommen til ei flott familieforestilling!

Billett:
50 kr for vaksne
20 kr for born