Dette motivet kallar fram ein del gamle minner som eg kan tenkje meg å dele med fleire.
Både fotograf/forlag og namn på motivet er trykt på framsida i kortet.
Eg tenkjer meg tilbake til 1950.
Vi er på veg frå Urkebygda, kjem innover langs Norangsfjorden og har nettopp passert Skredevika og Åreneset. Her møter vi grinda som skal hindre at husdyra kjem inn på Maudebøen og et opp graset no like før slåtten tek til.
Eg har fått lov til å vere grindagut for Arthur med lastebilen og Leif vegvaktar som er ute med vegskrapa på slep bak bilen. Det er så sjeldan å sitje på ein bil at det er turen verdt og litt nytte for seg må ein gjere ved å springe og late opp og att grinda slik at arbeidsfolket ikkje vart hefta.
Vi ser innover til Bøvika, den mest populære badeplassen. Det er for langt å springe dit og bade til kvardags, men på søndagen er det rikeleg med tid. (Det er i Bøvika det no til dags vert sysla med plan om å få ruste opp til ein betre badeplass. Og ikkje minst: Både Norangdal Grendalag og Urke Grendalag vil gå saman i arbeidet).
Raudeneset, straks inn om Bøvika, er landingsplass for ungane frå Stenes, rett over fjorden. Om morgonen ror foreldra dei over og så går dei til Urke, har sine lange 5-6 timar på skule annan kvar dag, og så er det tilbake til Raudeneset. Viss ikkje robåten er på plass, ropar dei over og må smørje seg med tålmod til det passar dei vaksne å hente dei. I solvarmen er det sikkert greit, men det er langt fleire dagar med både regn og vind.
Raudeneset har fått namnet sitt fordi berget og steinen har rust-raud farge etter olivinåra som går tvers gjennom fjellmassivet her.
Ja, det var tankane som kom sigande. Resten av motivet med Skruen og Keipen i bakgrunnen er så velkjent..
I dag (31.06) har eg fått oversendt eit gammalt postkort frå Øyelandet:
Dette kortet syner grindaguten i arbeid. Ein hesteskyss kjem nedover mot Øyegardane. Grindaguten følgjer ikkje skyssen, men er på plass og utfører oppdraget sitt. I det skyssen passerer, skulle kusken syte for å lønne med eitt eller nokre øre for jobben. Turistane kunne og ha nokre slantar som vart kasta ned til guten som då sjølvsagt skulle ha lært seg såpass at han kunne framføre takk på engelsk. Grindaguten skulle følgje med om det kom skyss, vere på plass når skyssen kom og gjere jobben. Viss skysskaren måtte vente, vart ekstrafortenesta mindre, må ein rekne med.
Eg vil tru at der det var fleire gardar som hadde ordna med grind, var det ei ordning med kvar sin dag å vere grindagut. Om det var berre ein gard som hadde grindhaldet, ja då kunne grindaguten rekne med å ha monopol på grinda.
Det var dei dagane det var storbåt (turistbåt) det vart snakk om gode inntekter for grindaguten. Om det var hesteskyss eller åra etter 1930, då bilane gjorde sitt inntog, like fullt var det behov for grindaguten - som sikkert kunne vere ei jente og!
I Norsk Biografisk Leksikon har eg funne opplysningar om at Rasmus Berntsson Skylstad (f.1893), som enda si utanrikspolitiske karriere som ambassadør i Paris, tente sin aller første pengar som grindagut på Skylstad.
Takk for tilsendt postkort, Ivar Svein!
Kommentarar
Det koselige bildet vekker minner for meg også.Vi kom kjørende fra Skylstad i den grå Opel Kapteinen vår og tuta i bilhornet når vi nærmet oss Raudeneset eller Raudeberget, som vi også sa. Robåten fra Stennes var allerede på vei. En gutt eller to hadde allerede sprunget nedover Instebøen . Så fisket vi masse fisk ved Stennesrevet og dorget etter storlaks med mer tvilsomt resultat.Koselige turer var det i alle fall. Jeg ser ennå for meg Mariekjeksbiter i Soloflaskene som alltid var en del av provianten.Søte 50-tall, på mange måter!Stennesguttene kniste og hermet etter far min fordi han en kveld etter en lang fiskeøkt hadde sagt- Jeg lengter hjem til kone og barn. Det syntes de var ustyrtelig morsomt.
Mi løn som grindagut var avgrensa til opplevinga ved det store å få sitje på lastebilen til Norangdalen og tilbake. Grindaguten måtte hoppe av bilen før ein kom til grinda og vere rask til beins slik at sjåføren berre kunne slakke farta på bilen. Etter passeringa galt det å få grinda lukka, springe etter bilen og hoppe på stigbrettet og kome seg inn i førarhuset, alt saman medan lastebilen var å sakte fart. På strekninga mellom Urke og Øyekaia var det, etter det eg hugsar, 3-4 grinder.
Eg har laga eit tillegg i den første artikkelen der eg omtalar ein annan form for grindagut-teneste. Sjå ovanfor!
På Skylstad samla barna seg ved grinda .Der satt vi og prata og gledde oss til å se turister dra forbi.Vi åpna og lukte igjen grinda,vinka og lo til ferdafolk.Kasta de et eller anna til oss, var det selvsagt hyggelig,men ikke forventet.Et helt frivillig engasjement.
På våre bilturer skifta søtra mi Marit og jeg på å være grindajenter.Vi fikk sitte fremme,og vinka energisk til alle våre kjente i bilen når de kjørte forbi ,gjerne litt for langt.(Lett erting.)Mellom Barstadvika og Ørsta var det en drøss med led!(15 eller 20?),så ingen kunne sveipe gjennom Vartdalsstranda slik som idag.
Ellers hadde vi masse "kjings"og snop i dashbordet,som vi kasta ut der gutter og jenter hadde åpnet opp. Jeg ser ennå for meg to gutter i vill krigsdans på en støvete landevei fordi de fikk seg litt godterier.
Etterpå kom tida med de rare navna.Kutrapp,Felås ol.