I det mellomeuropeiske alpelandskapet har veltrente skiløparar lenge hatt høve til å kjøpe seg gaida femdagarsturar gjennom den berømte ”Haute route”. Den har eg lenge drøymt om å få gå, men som småbarnsfar og lærar har eg verken hatt tid eller råd. Dessutan er det eigentleg ingen vits i å gå over bekken etter vatn. Dermed planla eg i lag med skivener Sunnmørsalpane si eiga høge rute og sende bod på landets hardaste skibestigar, Ola Berger frå Trondheim, og ein av dei kvassaste rennekøyrarane på Sunnmøre, Jon Hjorthaug.

 

Første etappe – Standalshornet, Nordre Sætretind og Kolåstinden

Tidleg morgon den 3. mai. Det første fjellet ventar på oss. Vår-sola prøver seg varsomt gjennom skydekket i det vi traskar dei første høgdemetrane opp frå Standalseidet, i retning Standalshornet (1206 moh). Lårmuskulaturen er frisk og humøret på topp. Etter nøye vurderingar har vi valt å satse på ultralett opp-pakning, med berre vatn, brød, sjokolade og skredutstyr i sekken.  Utan stegjarn, isøkser og varme kle er vi sårbare om vi møter hard is eller får mykje ver. Til gjengjeld har vi no sjanse til å halde eit jamt, høgt tempo. Etter 1,5 timar toppar vi ut og kan nyte sola over eit nokså tjukt skydekke mellom oss og Hjørundfjorden. Det er klart for første nedkøyring. Den går via ei 400-meters-renne med ei snitthelling på om lag 40 grader, no dekka med skaresnø. Jon viser veg ned i Fladalen.

På med fellane og oppatt mot Nordre Sætretind (1365 moh). Ola legg sporet med taktfast rytme i halvvåt snø. Skodda ligg tjukk kring toppvarden, men nett når vi er på veg ned, finn eg att starten på draume-renna eg køyrde tidlegare i vinter. Snøen er mjukare her, og vi kan gi full gass ned mot Appelsin-haugen. Der møter vi andre skifolk som vi slår følge med opp mot Kolåstinden (1432 moh). På toppen har skodda letta, sola skin og utsikta er til å grine av. No ventar den mest spektakulære nedkøyringa på heile turen; 1200 høgdmeter ned renneformasjonane mot Romedalen. Vel halvvegs nede i den første renna kjem vi til eit stup og må av med skia og klatre over i neste snørenne. Deretter er det krusing i stor fart ned mot Kubbestøylen. Stemninga er ekstatisk. Til no har vi hatt full klaff med strategi, ver og ikkje minst snøtilhøva. Men vi er framleis berre komne halvvegs, og det har blitt ettermiddag.

 

Andre etappe – Kjerringa, Vassdalstinden og Saudehornet

No ventar 900 dryge motbakkemeter i våt, solsmelta snø opp mot Kjerringa (1130 moh). Ola dreg lasset, eg bit meg fast, men Jon er i ferd med å få eit irreversibelt syreangrep i lårmuskulaturen. Vel oppe på toppen synest sola, stilla og synet av det absolutt ufatteleg vakre tindelandet å vere meir fortent enn nokon gong før. Snørenna ned mot Langedalen 800 meter under oss vrir seg i ein jamn, fin boge mot nord med ei snitthelling på om lag 35 grader. Sola hadde fått tak, men berre passeleg, og skiføret er derfor framleis perfekt. Nok ein gong viser Jon sin eminente skiteknikk, men vel nede i Langedalen takkar han for laget. 

Men Ola er ustoppeleg, og sidan eg står som rutesnekrar, har eg ikkje anna val enn å henge meg på opp mot Vassdalstinden (1277 moh). Når vi toppar ut her, etter 1,5 timar i ein hard, skyggefull 1000-metersbakke, er eg så gåen at eg knapt klarer å peike ut den siste delen av ruta for Ola. Men etter ei brødskive og ein fem-minutt i kveldssola på toppen av dette kanskje flottaste fjellet i Sunnmørsalpane, kjem kreftene sakte sigande attende til kroppen. Vi følger normalvegen dei første 200 høgdemeterane ned frå toppen, rundar nord-vestover og avsluttar nedkøyringa med ei 400-meters-renne like ned i Vassdalsskaret.

På veg mot siste toppen, Saudehornet (1303 moh), møter vi på ny skodda. Samstundes nærmar mørkrets frambrot seg med stormsteg. Kreftene minkar, spenniga stig; vil vi klare å fullføre prosjektet etter planen eller må vi returnere ned ein alternativ veg? Til alt hell lysnar skodda ein augneblink og vi skimtar toppryggen like ovanfor oss. Vel oppe ved toppvarden kan vi konstatere at skodda er totalt fråverande i sørsida, og vi kan flyte ned mot Ørstafjorden i havtung kveldssol.

Etter 15 timar, 10 000 høgdmeter, ti brødskiver og like mange liter vatn, må ein vedgå at det var slutt på kreftene og at leskedrikken i målområdet var umåteleg god. Når det er sagt, meiner eg at denne heite ruta i hjartet av Sunnmørsalpane kan kome til å bli ein klassikar for den stendig veksande skaren av skialpinistar. Ein treng ikkje gjere alt på ein dag. Det let seg fint gjere å stykke opp ruta i to delar, med overnatting i Romedalen eller Langedalen.


1)Ola og Jon med frisk lårmuskulatur og friskt mot ved inngongen til Fladalen.    

2) Vi skimtar Jon på veg ned renna mot  Romedalen.                                           

3)Ola og Jon er velnøgde, halvvegs, på Kubbestøylen.                                        

4)Ola på veg opp toppegga på  Saudehornet.                                                      

5) Stig og Ola, endeleg i mål.

 

April 08 097April 08 112April 08 113April 08 1221