Grønsisik

Her er originalfotoet av grønsisiken, og det var først då eg såg biletet på datamaskinen at eg såg at der faktisk er to fuglar. Så vidt eg kan skjøne er det ein hann (øvst) og ei hoe (nedst). Eller kva? 

 

Aller først må eg vedgå at eg ikkje er nokon fugleekspert, men kvar vår, når det er paringstid og hekketid, vert ei lita interesse for fuglar vekt. Ein høyrer fuglekvitteret konstant, og det er ein sjølvsagt del av våren. Ein flott del av våren.

Her ein dag tok eg meg ein liten tur med kameraet. Føremålet var eigentleg å fotografere blomar. Eg likar å eksperimentere med kameraet og ymse objektiv. Lys, skugge og avstand gjev forskjellige inntrykk.


Heldigvis hadde eg eit teleobjektiv på kameraet då eg med eitt såg ein fugl stå i eit tre berre nokre få meter frå meg. Eg tok kameraet opp, zooma inn, og knipsa. Då eg såg biletet, vart eg overraska, for der var ikkje berre ein fugl, men to.

Grønsisik2

Her er eit utsnitt av grønsisiken. Kva er det han et?


Eg hadde ikkje sett denne fuglen før, i alle fall ikkje lagt merke til han. Eg sjekka i fuglebøker, og slo fast at det måtte vere ein grønsisik. Det skulle etter bøkene vere ein vanleg fugl på våre kantar. Eg var likevel ikkje heilt sikker, og sende ein e-post til fugleekspert Alv Ottar Folkestad med bilete av fuglen. Han stadfesta at det var ein grønsisik, og  gav meg følgjande svar om denne fuglen:

”Det er nok rett at grønsisiken er ein relativt vanleg fugl, spesielt der det er variert skog med innslag av gran og med rikeleg frøproduksjon, men bestanden varierer sterkt i takt med frøproduksjon, både på skogstre og på urter. Samstundes er han liten og kamuflasjefarga og høyrest oftast mykje lettare enn det er råd å få ein glimt av han. Hen hekkar tidleg og kan i enkelte år allereie ha ungar på vengene i overgangen april-mai og kan i gode år ha fleire kull. Reiret ligg vanlegvis høgt i ein bar-rik grantopp, men kan og finnast i furu eller ei høg einer, sjeldnare i andre tre, og det er svært godt gøymyt og ofte plassert slik at det er uråd å kome nære det (for tynne greiner rundt).

Maten er i hovudsak frø over eit breidt spekter: Bartrefrø vert nytta i gode frøår, men også lauvtrefrø, særleg av bjørk og gråor, men også selje, sjøl om dei er små. Ut over dette et dei både grasfrø, ugrasfrø av ulike slag (bl.a. løvetann, høymol og syre), i tillegg til insekt og småkryp i hekkesesongen.”

Fugl3

 Her er grønfinken. Diverre er biletet teke i motlys, og før eg rakk å kompensere, hadde fuglen reist av stad.


Onsdag, medan eg var på jobb, såg eg ein annan grøn fugl slå seg ned i eit tre utanfor kontorvindauget mitt på jobb, altså i Ørsta. Eg hadde kameraet klart, og knipsa kjapt. Diverre vart det for kjapt, for eg gløymde å kompensere for motlys. Uansett vart det eit bilete av ein grønfink. Også han er sjeldan å sjå (for underteikna), men faktisk veldig vanleg i Hjørundfjorden og på Sunnmøre elles.

Linerle2

Linerla er ein vanleg fugl på våre kantar. Ei stor overrasking for meg var då eg var på safari i Kenya, oktober 2005. Då såg eg noko som likna fælt. Kan det ha vore ein annan erletype, eller reiser linerla så langt på vinteropphaldet sitt?


Fuglar er spennande, og det er mange artar på våre kantar. Det er lett å tenkje fuglefjellet på Runde, men kva med fuglelivet i Hjørundfjorden. Eg vil oppmode folk om å dele fugleobservasjonar med hjorundfjord.no sine lesarar. Knut Hustad hadde ein fin artikkel om hakkespetten. Det er heilt sikkert også andre historier og funderingar om fuglar.


Eg veit det er vanskeleg å ta gode bilete av fuglar, men gløym det førebels. Er det nokon som har fuglebilete, legg det inn, og skriv ein liten kommentar til.

Og kanskje kan nokon gje tips om fotografering av fuglar.... ?

 Måse

Til slutt eit bilete av det som kanskje er den mest vanlege fuglen i Hjørundfjorden, gråmåsen. Eg er litt usikker på om alle likar resultatet av denne aktiviteten her....