Alle husstandar i Norangsfjorden, Sæbø og Bondalen får besøk av oss i løpet av mandag 19. eller tirsdag 20. mai.
Vi håpar at bygdefolket er snille og støttar oss også denne gongen for dette har vorte den viktigaste inntektskilda til handballgruppa.
Dette er ein flott dugnad der alle handballspelarar og foreldre stiller opp og gjer ein viktig dugnad for handballgruppa.
Vi er no i full gang med å planlegge av neste sesong og håpar på ein like flott sesong som i år med mange aktive handballspelarar!
Sæbø I.L. har denne sesongen hatt ca. 35 aktive handballspelarar noko som utgjer ein stor del av alle barn og unge i Hjørundfjorden. Vi samarbeidar med Åmdal og/eller Ørsta på dei fleste alderstrinn og synest dette fungerar fint!
Dersom nokon ikkje er heime når vi kjem, er det berre å sette flaskene på trappa og merke med handball.
Ta kontakt med Anna Moan på tlf. 70040198 eller 95746759 dersom du ynskjer å levere ein anna dag, eller lever flaskene på Bellingen til Jon Arne!
Kommentarar