Gleda var difor stor då vi opna den nye ferjeruta og såg at ferja no skal gå frå Sæbø kl. 22.15  heile veka, med retur frå Leknes kl. 22.30. For dei som arbeider på sjukeheimen, betyr dette at dei kan kome seg heim etter kveldsvakt på laurdagar. Det er og mogeleg å kome seg tilbake til Urke på ein laurdagskveld etter kulturtilskipingar. Det at vi no har fått ei harmonisert rute med siste tur kl. 22.15 alle dagar, gjer det og mykje enklare.

 ferjerute
Den nye ferjeruta.
 


Grendelaga har arbeid i fleire år for å få til betringar av ferjeruta utan at vi har fått til andre endringar enn ein ekstra tur om morgonen. Denne gongen har vi fått god drahjelp frå fleire. Vi vil difor nytte dette høvet til å takke bygdemobiliseringa for god hjelp. På møtet vi hadde på grendehuset med lokale politikarar, ordførar og varaordførar fekk vi eit godt høve til å legge fram saka vår. Vi vil og nytte høvet til å takke ordføraren for at ho tok saka opp med MRF, og at saka vart tatt opp i kommunestyret. Ho har verkeleg gjort ein innsats for å hjelpe oss. Vår lokale politikar Steinar Nordang fortener og stor takk for å ha fronta saka i kommunestyret.

 

Sist, men ikkje minst, var vi avhengig av velvilje frå Statens vegvesen og MRF. Vi vil difor nytte høvet til å takke Marte Sørø på Statens vegvesen sitt kontor i Molde og Idar Myklebust i MRF for at vi har fått til denne ruteendringa. Vi har ofte blitt frustrert når vi opp gjennom åra har hatt kontakt med tilsette i MRF og i Statens vegvesen, men denne gongen møtte vi  byråkratar som var villeg til å høyre på argumenta våre.

 

For Norangdal og Urke grendelag.

 

Johannes Halland