Måndag 19.Mai startar vi med å fjerne torva, vi har fått laga ein spesialplog som vi set vår lit til. Med hjelp av skogsvinsj og traktor så skal denne skal rute opp torva, så er det berre å få torva på pallar og ned frå taket. Vi må ha 4 mann og ein traktor.

Går det greitt så er opprutinga unnagjort første dag, resten av veka nytter vi til å få torva ned, planen er å nytte den oppatt. Fredag er avsett til rydding, for laurdagen er det bryllaup.

Måndag 25. Mai startar vi med sjølve utbetringa, vi tar sikte på og kjøre eit skift på dagtid og eit skift om kvelden, kvart skift bør ha 4-5 mann, og vi skal i løpet av denne veka ha få lagt på ny papp, kanskje får vi begynne å legge torva også. Vi må ikkje gløyme det sosiale med dugnad derfor vert det kaffi/brus og litt å bite i på kvart skift.

Men skal vi få gjort jobben på dugnad så treng vi mange frivillige, vi vil prøve å ta kontakt med alle aktuelle og vonar alle er villige til å stille på 2-3 skift, gjer alle det så er jobben gjort. Skulle vi gløyme nokon, ber vi desse ta kontakt med ein av oss i nemnda. 

Dugnadsinnsatsen vert belønna med B-partar i Bondalen Grendahus PL, ein kan også godtskrive dugnadsinnsatsen  til eit av laga i partslaget. Til dykk som ikkje fekk være med på dugnadarbeid, då vi bygde Grendahuset, la ikkje denne sjansen gå frå dykk .

I nemnda: Lars Molvær, Åge Solhaug og Arne Lied.