Saman med far min og skikollega og trenar, Bjørnar Øye, vart det klart laurdags kveld at vi skulle nyte søndagsveiret til noko heilt anna enn det travle kvardagslivet med jobb og skule. Det stod i mellom ruta som Knut (Hustad) anbefalte til Grøtdalstindane, og den litt mindre kjende skitoppen Dalegubben 1344 moh i Bondalen. Sidan begge oppstigningane er noko uvanlege vinterstid tok eg telefonen og ringde til Knut for å høyre om forhold og eventuelle faremoment. Han anbelfalte begge ruter. Med litt varsemd er det mogleg å kome seg opp Skondalen utan å bli teken/løyse ut ras. Vi alle veit at Skondalen ovanfor Rise er rasutsatt, men denne dagen låg snøen i ro...

Ruta til Grøtdalstindane let seg heller vente, for utsikta frå Dalegubben låg freistande bak netthinna då valet stod mellom dei to. Kjentmann Hustad måtte til konfirmasjon denne dagen og kunne diverre ikkje bli med på tur. Om han drog på trass det veit eg ikkje, men han kan trøyste seg med at han har opplevd utsikta frå toppen før, då på ei anna årstid.

Frå Rise går der ein god traktorveg oppover eit beite. Vi hadde firhjulstrekk og fekk nytte denne til enden av vegen. I det vi batt skia på sekken, byrja kyrkjeklokkene å slå. Sommarråsa gjekk i bratt terreng beint på oppover rasgjelet som var rydda for skog av fonner opp gjennom åra.

Sjølv om snøgrensa hadde trekt noko opp, tok det ikkje lange tida før vi kunne sette på oss skia. Då bar det oppover ein av ryggane til eit stort sidegjel som måtte kryssast.

Pan på vei opp


Eg treng ikkje å seie så mange ord om denne fjorden. Eg blei nesten rørt til tårer under oppstigninga.

IMG_2422

 

Er det nokon nervøse konfirmantar å sjå?

 

IMG_2406

 

Eit stort gjel må forserast. Vi valde å gå rundt det. Den vesle taggen Keipen oppe til venstre.

 

Vi valde å gå lenger opp å runde det i staden for å gå ned i det. Det viste seg å ikkje vere så lurt då vi kom for høgt på eit nytt gjel lenger oppe. Vi betalte med ein halvtimes ekstra slit, men kjøpte oss ei nydeleg utsikt. Oppover Skondalen låg rasrestar frå tidlegare dagar, dei ferskaste frå to-tre dagar sidan. Her såg vi også skispora til dei personane Knut (Hustad) hadde sett fredagen legge i veg mot nettopp Dalegubben.

Oppover Skondalen er gjennomsnittshellninga 25 grader i følge turbibelen til Standal og Co. Dette er perfekt hellning til telemarkkøyring, og med litt rasrestar skulle det bli ei artig nedkøyring. Men det til sin tid. 

I enden av Skondalen svinga vi til høgre(nordaust) opp mot eit skar, der vi kom opp på eit lite flatt platå. Vidare bauta vi oss bortover til egga med Høydalen,fjorden og breen under oss. Bort på egga tok vi av oss skia og vandra vidare bort mot toppen.

På egga, pano

Frå egga nordover. Kolåstinden med breisida bak til venstre og Sylvkallen t.h. Er du god ser du tre personar på toppen av Sylvkallen.

På toppen

På snøegga. Toppen er ca.2 meter bak den øvste av personane. 

 

Her blei det bratt og smalt, med snømengda gjorde att det gjekk greitt å gå med skistavar og isøks forbi dei store steinblokkene som var der. Snøegga (som var det høgste punktet denne dagen) bortover mot toppen var særs smal men likevel gangbar. Borte ved den raude markøren på toppen eksploderte utsikta...

Toppen, me mann å panorama

 

Snøegga på toppen var kvass. Eit feilsteg her å du ramla anten heilt ned på Høgreset i Nøvedalen på den eine sida, eller Høydalen på den andre sida. Det var mellom ca. 50 og 70 grader bratt på begge sider. Fotoet lyg då biletet er tatt frå eit lavare punkt med kameraet nesten nede i snøen.

Mej på toppen

Underteikna på snøegga, ca.3 meter frå toppen med fastfjell.Den raude markøren rett bak.

Perfekt

Eg skal vere still så de får nyte utsikta i fred og ro. Skondalen under og skaret nede til venstre.

Beste frå toppen, pano

Panorama frå toppen.

Det blei heller ingen direkte nedkøyring frå toppen denne gangen heller. Det får ekstremkøyrarar som Ola Hovdenakk syte for ein annan gong. Ned frå toppen var der umenneskeleg bratt, men han hadde sikkert teke eit par silkemjuke svingar så var han nede i skaret igjen.

Nedover Skondalen var det skiftande forhold og sola hadde teke godt enkelte stader. Dette fekk underteikna merke i det han køyrde skia for bratt nedi snøen og gjekk kast i kast. Langrennstrenar Øye viste at han kan meir enn å springe på pinnar og suste med ein lett, flott stil nedover dalen. Eg vil tru han lev lenge på denne dagen på høgskulen i Oslo, der det er kun dei uttørka åsane i Nordmarka som kan minne om noko som helst nedkøyringsmoglegheiter. Dei har nok ikkje det heller... Veteranen var heller ikkje så verst i dag. Timane i gravemaskina har ikkje sett så djupe spor i den elles så herda kroppen. Kor mange kilo som rann av nedover Skondalen kan eg ikkje sei sikkert, men dei rann isofall so raskt av at eg fekk ikkje teke eit einaste bilete av hverken kiloane eller køyrarane. De for heller trøyste dykk med utsikta utover Hjørundfjorden og Sæbø.

 

Takk for turen!

 

 

Etter å ha surfa litt på nettet kom eg over denne linken. Sjå denne flotte filmen om Hjørundfjorden:

http://vids.myspace.com/index.cfm?fuseaction=vids.channel&ChannelID=120034458