Utgangspunktet var Haukåssetra. No gjekk eg framover Urkedalen. Eg måtte smile for meg sjølv - endeleg, endeleg hadde eg hugsa å ta med meg alt nødvendig utstyr. Til og med reim til å feste rundt skituppane på skina som no var festa til ryggsekken, hadde eg hugsa. Det einaste eg hadde gløymt var ein solblendar på fotoapparatet, men den kunne eg leve godt utan. Eg var stolt over meg sjølv. Etter ca. 25 minutt gange var eg ved snøkanten. No skulle skina festast til beina, men skifellane, kvar var skifellane?
Denne søndagen var målet Bjønnatanna, Bjønnatanna via Grøtdalen. Det er ikkje så vanskeleg å finne fram. Køyr til Urke etter rv. 655, ta av ved brua der du m.a. ser skiltet Urkedalen. Køyr så framover setrevegen, no var vegen brøytt gjennom Breidfonna, nesten til Haukåssetra. Parker bilen og gå etter råsa framover Urkedalen frå der du ser skiltet "Råna". Du går no framover Urkedalen og ta så av første dal til høgre. Du går no oppover mot Grøtdalen.
T.v.: Ta av frå riksveg 655 på Urke der dø møter dette skiltet. T.h.: Turen oppover mot Grøtdalen er ikkje særleg sexy. Trøsta må vere at etter at du har kome opp i Grøtdalen "går alt så meget bedre". Ruta eg gjekk har eg teikna inn med raudt.
Grøtdalen har forresten ikkje så godt ord på seg. Til tider nesten flattliggande bjørkekratt og bratte og glatte grasbakkar gjer det lite triveleg å kome seg opp dit. "Godt skjult og med vanskelege oppgangar får Grøtdalen stort sett ligge i fred", skriv Helge Standal i boka "Fotturar på Sunnmøre" - side 203. Han har sikkert rett for ut på sommaren ligg Grøtdalsbreen der, full av sprekker, og gjer at folk kvir seg for å gå her. Men løysinga på desse problema er som vanleg ikkje så vanskelege - ta turen om våren med ski.
Eg hadde altså lagt att skifellane mine i bilen. Det gjorde at det tok 35 minutt ekstra med tid og motivasjonen sakk eit par hakk, men Gauken likar seg godt i Urkedalen og han fekk meg etter kvart i betre humør.
Ruta mi vidare oppover frå Grøtdalen.
For ca. 15 år sidan var eg oppe i dette området, men eg hugsa ikkje detaljane. Eg hugsa likevel bresprekkene (i slutten av juni) og dei ser eg også frå kjøkenvindauget her heime om sommaren. No var det heldigvis snø, mykje snø. Frå Grøtdalen og vidare oppover gjorde også nysnøen seg gjeldande - jamn, fin nysnø. Eg tenkte allereie på nedkøyringa og kvar eg evt. skulle ha fotografert, men eg var åleine. Eit par foto tok eg likevel, berre for å vise mine faste turkameratar, som ikkje "kunne" vere med, kva dei gjekk glipp av.
På desse fotoa hadde det gjort seg med ein skikøyrar på veg nedover. Foto til venstre er tatt i retning Bondalen. På fotoet til høgre er nok hellingsvinkelen mellom 20 og 40 grader.
På turen oppover oppdaga eg det som eg først trudde var vatn/fjord der fjelle spegla seg i vatnet, men det var det slett ikkje. Men er det nokon som kan gje eit godt svar på kva det er vi ser under?
Kva er det vi ser her?
Turen oppover gjekk utan problem av noko slag. Ingen andre hadde gått føre meg oppover, men nesten oppe i toppområdet oppdaga eg eit par skispor. Eg konkluderte med at dette måtte vere folk som hadde kome opp frå Sykkylven via Storbreskaret(?)
Så var eg oppe - nesten. Eg kika over kanten og der var eg møtt av synet av to flotte fjell.
To flotte fjell, men kva for eit er Bjønnatanna?
Det var som nemnt Bjønnatanna som var målet, men kva for eit fjell av dei to var det? For meg sjølv konkluderte eg med at det måtte vere fjellet til venstre, men det var lågare, trudde eg, og gjekk på fjellet til venstre. Litt klyving måtte til på slutten, men eg kom meg opp. No har det vel kome litt kritikk mot oss som skriv mest om fjellturar her på portalen - vi er for PR-kåte men eg tek sjangsen på å legge ut eit foto av meg sjølv.
Her er eg på det eg trudde var Midtre Velleseterhorn. (Men det skulle vise seg at det var dette som var Bjønnatanna)
Som nemnt var eg slett ikkje sikker på kva fjell det var eg var på. Difor vart det ein telefon til turkamerat (og svigerson) Somby. Han hadde løysinga på problemet mitt klart føre seg - gå på begge fjella. Og slik vart det. Under tek eg med nokre foto frå dei to fjella som syner den flotte utsikta.
Foto tatt frå Bjønnatanna mot Vestlige Velleseterhorn (1476 m) og Bondalen. Av dette fotoet ser eg at eg ser Bjønnatanna frå kjøkenvindauget her heime...
Så var det berre å gå ned att frå denne toppen, feste på seg skina igjen, renne ned eit stykkeog gå opp att på neste fjell. Avstanden mellom dei to toppane skal i fylgje boka vere ca. 500 m. (Men eg trur den er mindre)
Desse fotoa er tatt mot det første fjellet eg var på - som altså viste seg å vere Bjønnatanna. Fjellet eg står på er Vestlege Velleseterhorn. (Mobilfoto til høgre)
Så eit par utsiktsfoto frå Vestlige Velleseterhorn. Som ein kan sjå, kan dei fleste bondalingar sjå dette fjellet.
Bondalingar flest kan sjå Vestlige Velleseterhorn.
Og her ser vi Urke
Så litt tilbake til nemnerotet mitt. Eg trudde at det første fjellet eg var på var det høgste av dei to og heitte Midtre Velleseterhorn. Fjell nummer to trudde eg var Bjønnatanna, men eg var usikker. Heldigvis sende eg ein e-post til fjelleksperten vår, Svein Myhre, og han visste sjølvsagt kvar eg hadde vore i går. Det er altså det første fjellet som er Bjønnatanna. Det andre var Vestlige Velleseterhorn og er det høgste av dei to fjella. Så veit vi det.
Mens eg var på Vestlige Velleseterhorn, gjekk to Herrar opp på Bjønnatanna. Desse to kom opp frå Sykkylvssida. Namna deira står under fotoet.
Geir Helge Grebstad og Bjørn Lindvik på Bjønnatanna
Under Vestlige Velleseterhorn vart det tid til både mat og kaffi. Eg hadde ikkje med gradestokk, men etter det eg kunne sjå på snø- og iskrystallane var det minusgrader i lufta. Litt nedanfor toppane var det skare på nysnøen. Denne skaren var den første delen nedover så hard at skispora knapt nok viste att, men føret var likevel kjempeflott.
Framleis full vintere under Vestlige Velleseterhorn.
Det var Bjarte Staurset i Ørsta som sette meg på ideen å gå opp i dette fjellområdet. Han var i dette området for ca. 14 dagar sidan og skrytte av den fine nedkøyringa frå Bjønnatanna. Han hadde sjølvsagt rett. Denne dagen var også turen nedover flott - dei første 500 høgdemeterane var glimrande. Så var det eit område der ein måtte gjere seg lett i svingane og til slutt - før fonnbreen - var det eit område med sluchsnø på toppen. Denne snøen seig av stad sjølv nærast berre du såg på den. Dette er ein tur som absolutt kan tilrådast som ein vårskitur - ein kan nærast sjølv velje kor bratt ein vil køyre.
Det vart ikkje fotografering på turen nedover, difor tok den heller ikkje lang tid. Det vart difor tid til ein siesta i bilen på Lekneset og ikkje minst ein tur i veksthusa til Borgar Berg på Urke. Fotoet under er for dei som er drittleie av snø og ski for i år.
Kommentarar
Haukåstinden er et nytt navn for meg, Haukåsryggen står på kartet men jeg har tolket det for å gjelde fjellryggen ovenfor Haukåssetra men ikke så høyt som denne smale egga som ender i 1476. Det Grebstad kaller heimste Velleseterhornet blir også kalt midtre Velleseterhornet. Eller bare midt-toppen.
At fjell har to navn er ganske vanlig, tre navn er mer sjelden. Haukåstinden er et bra navn, har det vært i bruk lenge og brukes i dag så er det godt nok for meg. Da bruker jeg det også :)
Utan å kunne vise til kjelde så las eg om Haukåstinden fyrste gong på nettet for eit par år sidan, då som eit namn på Urkedalstind. Det meiner eg måtte vere ei mistyding.
Å kalle 1476 for Haukåstinden er god logikk, men litt snodig om kjelda er folk frå Velledalen, og ikkje frå Urke.
Eg har forståing for at velledøler berre nyttar namnet vellesterhornet om to toppar, dei markerte toppane (heimste og fremste) som er synlege frå Velleseterdalen.
Å namnsette fjell som ikkje har namn på kartet bør ein vere forsiktig med. Når det gjeld såkalla 'fortoppar' som er knytt opp til ein hovudtopp, så er det ikkje uvanleg å kalle desse for Sørlege, Vestlege osv. - ....tind/horn. Dette sjølv om dei ikkje er synlege frå den sida hovudtoppen har namnet sitt frå. I Hurrungane har vi både ein og to Soleiebotntindar som ikkje er synlege frå Soleiebotnen.
No har eg i alle fall notert Haukåstinden på side 203 i 'retteeksemplaret' av fotturboka.
Takk for ein god namnedebatt!
(Ved googling får eg opp denne:
http://fjellforum.net/viewtopic.php?t=1994 )