Vi samla troppene om formiddagen, og alle barna hadde med flagg som vaia hodt i vinden. Først gjekk Hilde med fana, og barna stod i kø for å halde duskane på sida. På vegen ropa vi hurra og song - slik som barn og vaksne ikkje alltid ikkje gjer når det er 17.mai på ekte.
Vi tok turen innom Aldersheimen og laga tog i alle stover og gangar. Også her song vi og ropa (stilt) hurra før vi tok vegen tilbake til barnehagen. Der venta lunsj med 17.mai kake og bursdagsfeiring til dessert.
Etter lunsj skal vi øve på 17.mai leikar. Vi kastar piler på ballong og hoppar i sekk.
Vi gleder oss til i morgon!
Kommentarar