Utan tvil - min gode nabo Asbjørn Moe, Jens-Asbjørn, var min første helt.  Han var kort og godt ein tøffing.

IMGP4298 (Large)

Jens-Asbjørn, min første helt, fyller 70 år i dag.  Men han likar ikkje så godt å bli fotografert - i alle høve ikkje i motlys. 

Eg hugsar framleis  laurdagskveldar frå gutedagane.  Då såg eg nokre gonger ein mann som sykla ned frå Jens-garden på Årset mot riksvegen.  Han sykla alltid med stor fart - og han brukte frakk slik mannfolk skulle gjere når det gjekk mot helg den tida.  Hatt eller hue brukte han ikkje.  Men han hadde nok ikkje hatt tid til å kneppe igjen frakken for frakkeflaka blafra i vinden over bagasjebrettet på sykkelen.  Mannen var sjølvsagt Jens-Asbjørn.

Og så fekk han laks og pjakk, mange laksar og pjakkar - nærast kvar middagsykt.  Eg misunnte han mang ein gong.  Vadera, tøffe, nedbretta vardera brukte han også.  For den som ikkje veit det, er vadera høge støvlar som rekk i heile foten si lengde.  Første gongen eg la merke til desse vaderane, var når far min skulle legge ny klopp over kvernagrova.  Asbjørn hjelpte til og der var ei gravemaskin til stades.  Men så oppstod det eit problem.  Vatnet i grova var så djupt at vanlege støvlar vart for korte.  Asbjørn visste råd - han heiv seg opp på den raude traktoren sin og køyrde av stad og henta desse vaderane og dermed var det djupe vatnet ikkje lenger noko problem.  Men det tøffaste av alt var at Asbjørn rulla seg ein røyk, ja, akkurat - og røykte den mens han hadde vaderane på.  Der og då bestemte eg meg for at eg også skulle begynne å røyke straks eg vart gammal nok.  (Men så fekk eg ikkje lov av pappa...)

Og her er han att

Her ser vi Asbjørn(t.h.) i litt yngre utgåve.  Er det nokon som kjenner att dei to andre?

Asbjørn er sjølvsagt framleis ein tøffing - han er den eldste praktiserande bonden i Bondalen - og han er svært god å ha som nabo.  Eg spør han ofte om han kan hjelpe til når dyr skal inn eller ut av fjøsen, eller når dyr skal flyttast inne i fjøsen.  Aldri seier han nei, aldri.

No hender det at vi kan verte litt irriterte på kvarandre.  Eg er den typen som nok ikkje likar å bli uroa for ofte når eg arbeider.  Eg tenkjer på ei episode for ikkje så mange år sidan.  Det var dagen for fjøsvask og eg hadde blitt avbroten i arbeider tre gonger og hadde så vidt kome i gong igjen då Asbjørn dukka opp.  Eg sa vel eit eller anna surt, men kva skjedde?  Jau, Asbjørn drog fram ein pose med varme kyllingvengar som han hadde kjøpt i Ørtsta. Sjølvsagt ville han spandere.  Slik er Asbjørn.  Ofte får eg tytebær når han og Åse Johanne har vore på sin årlege bærtur, eller så kjem han t.d. med ein pose med poteter. Men kjem han med boknasild må eg vente med å ete den til kona mi er bortreist... Gebursdagen min hugsar han alltid og gjerne tek han med ei gåve, t.d. ein vakumpakka, røykt makrell.

Han kan også det meste om fisk eller kjøt.  Han røykjer laks, tørkar fisk eller lagar boknasild.  Han veit også at sporen skal skjerast av før han hengjer opp ein fersk sei eller lyr. Han saltar og tørkar spekekjøtet sjølv og sjølvsagt lagar han også til spekeskinka. 

No er ikkje eg så flink med eigedomsgrenser og bytesteinar, men Asbjørn held rede på dette også.  Her ein dag lurte eg på ein bytestein - ein bytestein som viste seg å vere flat med sand oppå.  Men Asbjørn fann han.  Sjå under.  Forresten trur eg dette må vere Bondalens flottaste bytestein.  Er det nokon som har noko liknande?

IMGP4291 (Large) IMGP4290 (Large)

Er det nokon andre som har ein bytestein som denne? Jens-garden ligg oppe til venstre.  I morgon forventar vi at flagget der kjem til topps

No må det vel innrømmast at både underteikna og Asbjørn til tider kan verte rekna som litt late.  Vi fèr ofte til Sæbø og vi drikk gjerne kaffi.  Det kan så vere.  Men eg gler meg også til hausten når eg får plukke meg nokre plommer heime i Jens-garden.  Åse-Johanne lurer nok på kva det vert av den fine frukta...

Og kva gjer Asbjørn på den store dagen?  Som nemnt er han framleis aktiv bonde.  I dag sa han at han spreidde gjødsel når han fyllte både 50 og 60 år.  Mest truleg gjer han det når hani dag  fyller 70 også.  Men han kjem nok til å bli uroa i arbeidet sitt.  Og så vert det npk litt feiring.

Igjen:  Gratulerer med dagen, gode nabo.