Prosjektleiinga_3

Prosjektleiar Johs. Halland og leiar Ivar Svein Mo i styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering gler seg over tilsegna på 40.000 kroner frå Gjensidige-fondet.

 

Skuleområdet er mørkt om vinteren, og der er mykje trafikk før og etter skuletid, og også om kvelden i samband med aktivitetar både på skulen og klubbhuset til Sæbø IL.
Difor tok Johs. Halland kontakt med styringsgruppa i bygdemobilieringa, og lanserte prosjektet. Han fekk grønt lys, og er no også prosjektleiar for arbeidsgruppa.
Gleda var stor då meldinga frå Gjensidige-fondet om. Gjensidige-fondet gjorde det klart at søknaden frå Sæbø var godt inn under kriteria for tildeling frå fondet.
Totalkostnaden for prosjektet er 60.000 kroner. Prosjektet vert vidare eit samarbeid mellom bygdemobiliseringa, Tussa, Sæbø IL og skuleeigar Ørsta kommune.
Det er vert no henta inn prisar, og der m.a. Tussa vil kome med alternative forslag til lykter, master og jordkabel.

lyspunkt_nye

Skissa syner kvar dei nye lyspunkta kjem.