Seint på dagen 16.mai var det nok ikkje tvil lenger, den nye familiemedlemmen som familien Midtflå venta på, hadde no gitt klar beskjed at no var tida inne for å kome til verda. Mor og far- Øyvind og Heidi drog avgarde til føda i Volda. Ut på morgonen den 17. mai kom den vesle jenta til verda kl.0511 på Volda sjukehus. Ho vog då 3310 gram og var 48 cm lang. Den nyfødde kom ca.tre veker før tida, men vi var allereie lei av å vente, seier pappa, så det var greit.

Iselin ei stolt storesyster.
Begge storesyskena, Tommy og Iselin, er stolte og vil gjerne vere på sjukehuset saman med mor og den nyfødde heile tida, og størst er det vel for Iselin som har ynskt seg ei lissjesyster lenge. Men for dei to syskena er ventetida ikkje så lang for å få mor Heidi og den nyfødde heim. Dei kjem mest sannsynleg heim i morgon(måndag) og har det ellers berre bra. Namnet er ikkje klart ennå, seier pappa Øivind.
Vi gratulerer familien, Heidi, Øivind, Tommy og Iselin Midtflå på Valset med den nye 17.mai prinsessa.
Hei, vesle unge (20.05.2008 kl. 17:55)
Hei, vesle unge, velkommen til jord!
Ubrukt er livet ditt, opa ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
Reidunn Øye
Gratulerer:) (20.05.2008 kl. 13:56)
Gratulerer så mykje med jenta til dokke alle;)
Synnøve Mo
En nostalgisk aftenbønn. (19.05.2008 kl. 18:27)
Denne ble brukt av oldemødre,bestemødre ,også i Hjørundfjorden.Nå blir slike vers leita fram igjen:
Aftenbønn.
Når jeg legger meg til hvile
tretten engler om meg står.
Tvende ved min høyre smiler
tvende til min venstre går,
to på vakt ved hodeputen
to ved foten dessforuten,to meg dekker
to meg vekker,
en meg viser
alle himlens paradiser.
Henrik Wergeland.
Sølvi Britt Skylstad
Gratulerer (18.05.2008 kl. 23:46)
Fekk fra dej konfirmasjonen du Heidi, så var du klar til den neste store oppgåva!! Gratulere til dokke alle,bra jobba:)6 stk som er fødde i bondalen til no iår meina ej,så ditta e no bra!! 4 gutar og 2 jenter,venter spent på fleire??
Wenche Strand
Gratulerer (18.05.2008 kl. 23:12)
Det er ikkje så mange barn som vert fødde her i Hjørundfjorden, men dei veit å kome på dei rette dagane. Så dette året har vi både nyttårsbarn og 17. mai barn. Gratulerer så mykje til både foreldre og søsken.
Siw Lillebø
Gratulerer! (18.05.2008 kl. 23:08)
Unn Frøland
Gratulerer x 2 (18.05.2008 kl. 22:11)
Gratulerer so mykje med den fine lisje pia:)
Gratulerer også til Irene og Ole Per med ein ny gut på Villane:)
Linda Stokke
GRATULERE (18.05.2008 kl. 21:27)
Gratulere med den lille prinsessa deres. Ser veldig godt på bildet av Iselin og babyen, at hun er en veldig stolt storesøster. Lykke til videre :-)
Marianne Holen