Norangdal grendalag sto som arrangør av denne 100-årsmarkeringa. Bort i mot 400 møtte fram i det strålande veret. Og det er god grunn til å minnast raset.

010

Frå toppen av Keipen t.h. kom raset som danna kløfta mellom toppane og tok med to mill. kubikkmeter stein som låg opp til 40 m høgt i dalbotnen.

Tilstellinga vart leia av Eivind Øye til samling ved sørsida av vatnet, ved Gange-Rolvsteinen og på Lygnøyra nord om vatnet.

Restane av selmurane, steingardar og gamlevegen under vatn er kanskje dei mest kjende motiva frå Lygnstøylvatnet.

Lygnstøylen 100 år 002

Ein av dei mange selmurane som har lege slik sidan raset gjekk 

Ålesund Sportsdykkerklubb stilte med ei stor tropp dykkarar som synest vatnet er unikt når det gjeld lysbrytinga og har glede av at restar av busker og treverk er svært godt bevart, sjøl om det har gått 100 år sidan neddemminga.

Lygnstøylen 100 år 007

Eit titals dykkarar var i aktivitet

Langs riksvegen samla folk seg og lytta til orienteringane.

004

005

3-400 møtte opp

Ved Gange-Rolvsteinen orienterte Paul Schmidt Skylstad om bakgrunnen for denne prektige, naturlege bautaen over raset søndagsmorgonen for 100 år sidan.

008

Eivind Øye t.v. og Paul Schmidt Skylstad ved "bautasteinen".

På nordsida av vatnet, på Lygnøyra, var det samling med underhaldning av Honndalstausene, diktlesing, prospektkortutstilling med Lygnstøyl-motiv v/Jostein O.Mo, trekkspelmusikk v/ Halvard Urke og Leif Øye. Og i tillegg vanka det både rjomegraut og anna å bite i.

Lars Kristian Norang ga ei grundig historisk orientering om raset. Opplysningane var direkte overleverte til han frå bestemora, Steffine Olsdtr. Skylstad, som var 23 år då raset gjekk, og skildra korleis ho opplevde rasdagen og dagane i etterkant der vatnet steig og steig, og lyden frå fuglane som hadde reir i trea og måtte forlate både reir og ungar.

009

Lars Kristian Norang, t.v. heldt ei velformulert og innhaldsrik orientering. Eivind Øye t.h.

Lars Kristian la heller ikkje skjul på at det vil kome fleire ras frå Keipen, men ingen veit når det skjer. Men sprekka veks, kunne han opplyse. Raset begrov og dekte over med vatn ein gammal krangel om grenser  mellom sela til Skylstad og Norang, så ikkje så gale at det ikkje er godt for noko..

011

Lygnøyra på nordsida av Lygnstøylvatnet, sett frå riksvegen.

 

Vi la merke til at arrangøren og dei som orienterte konsekvent brukte namnet Lygnstøylvatnet og Lygnøyra. Opphavet kjem frå elva Lygna som renn lognt nedover mot Skylstadbøane. Det verka derfor historielaust når vegvesenet har merka staden med Lyngstøylvatnet.

Norangdal grendelag kan sjå tilbake til eit særdeles vellykka arrangement i ein vakker natur og med eit smilande mai-ver.