I tilllegg planlegg vi dugnad for tillaging av ny bålplass. Vi skal legge eit godt bærelag med stein og så flytte bålet lenger bak på området. Er vi effektive, får vi gjort dette i god tid før Hjørundfjorddagane. Vi ber derfor bygdefolk om ikkje å fylle på det gamle bålet før vi har fått flytta det.
Deretter kjem vi til å prioritere arbeid med andvolleyballbane.
Hilde Muren for
Hjørundfjord Bygdemobilisering, Sæbøgruppa
Kommentarar
Nokon starta arbeidet allereie i førre veka, og no er den gamle skibakken kome fram i dagen - kanskje kan den brukast allereie neste vinter?
PS - vi ryddar no plass for den planlagde volleyballbana. Sei frå til mor og far om at dei må hjelpe til!!! Eller kanskje her er vaksen ungdom som sjølv kan ta eit tak med sag og beitesaks?