Etter å ha studert dei flotte bileta til Svein Myhre frå vårskituren hans til Bjønnatanna og Vellesæterhorna for omlag 2 år sidan, fann eg og far min ut at det var til dette området turen skulle gå. Grøtdalen, dalen som svingar til høgre innover Urkedalen, har fleire topptur-moglegheiter med blant anna toppane som Svein besøkte. Vi valte ein annan, kanskje litt meir ukjend skitopp for oss Hjørundfjordingar, nemleg Urkedalstinden 1526 moh.

Vi tok 08.45 ferja frå Sæbø og køyrde innover mot Urke. Vi følgde Knut (Hustad) sitt tips, og køyrde ein liten kilometere framover Urkesida, der vi møtte på ei fonn. Anleggsvegen ved Klokk tok seg heller ikkje så godt ut, sjølv for oss med firjulstrekkar. Vi skulle imidlertid ikkje framover Langseterdalen så vi tok nok det beste vegvalet. I lag med ein annan kar, som skulle på Slogen, parkerte vi ved vegkanten og byrja straks å gå.

 IMG_1671

Innover Urkedalen med tilbakeblikk på Hjørundfjorden og Skårasalen bak.

Vi gjekk i skygge den første halvannen timen innover Urkedalen og i munningen på Grøtdalen, noko som gjorde tryggare å gå på den sida vi gjekk. Den nordvente sida får ikkje sol før lenger ute på dagen noko som kunne gjere nedturen farefull. På den andre sida av dalen og inn over Nordkopen derimot var rabalder og bråk, jamt heile dagen. Ikkje rart at det er kanskje Noregs mest skredutsatte dal!

 New panorama 2

Mange snøskred i Nordkopen. Når vi kom ned igjen var heile området bada i sol og det resulterte i eit virvar av fonner. Grøtdalen opp til høgre. Skispor viser at det hadde vore folk her før, og heldigvis gjekk skispora både opp og ned.

For og kome seg opp til Grødalsplatået måtte vi gå oppover ei renne, eller rettare sagt eit gjel som likna mest på ein half-pipe. Den blei brattare og smalare lengst opp og det kan seiast at underteikna, i irritasjon over nokre stadig tvilande fellar, tok av seg skina og gjekk resten av den omlag 35 grader bratte renna. Sjefen sjølv(far min), som endeleg hadde teke seg ein tur ut av gravemaskina, jaga beint på oppover renna, kanskje for å vise litt prestisje, eller berre at det ligg i kroppen å bale seg oppover bratte sider eller renner anten til fots eller på ski.

 

 IMG_1690

Endeleg oppe i Grøtdalen og sola. Sjefen hang godt over stavane i det han nådde kanten, her med Saksa og Breidfonnhornet bak.

Etter ei matpause og lett vandring innover dei store viddene til Grøtdalen, kom vi fram til skaret der vi skulle byrje å ta fatt på austryggen til toppen. Her møtte vi på tre sykkylvingar som hadde same mål for auge som oss. Urkedalstinden, eller som dei kallar han: Søre Regndalstind. Dei hadde gått via Storbreskaret frå Velleseterdalen.

Regndalen

Ved skaret der vi møtte andre folk som skulle på Urkedalstinden. Regndalen under og Velledalen i Sykkylven heilt nedst.

 

For eit oversiktsbilete av ruta, sjekk Svein Myhre sitt bilete frå Bjønnatanna: http://fjellinordvest.net/content/view/203/167/

 New panorama 5

Bilete frå oppstigninga mot kjende profilar. Storbreskaret og skispora til sykkylvingane til venstre.

 

IMG_1747

 

Desse var i kjende trakter.

 

Oppover austryggen blei det brattare og brattare og alle bestemte seg for å ta av seg skia. Vi "dødelege", eg og far min, sette dei igjen, medan dei andre batt dei fast i sekken...

 

IMG_1787 

Det bratnar til.

No let eg bileta ta over, dei fortel resten.

 

IMG_1797

 

Bratt?

 

IMG_1862

 

Toppen er nådd.

 

New panorama 6

 

Utsikt frå toppen del 1.

 

Del 2

 

Del 2...

Eventyrleg

...og del 3.

 

IMG_1845

 

Jammen kom det ikkje ein til.

 

Vidare følger nedkøyringa til dei "udødelege"...

 

IMG_1874

 

Det var det å finne det beste vegvalet. Her var det ikkje så mange val...

 

IMG_1877

 

Den første sette av...

IMG_1879

 

Stoppar...

 

IMG_1891

 

Resten kjem og ein sett utføre...

 

IMG_1892

 

Her blei det mange rullande snøballar...

 

IMG_1897

 

Berre to igjen.

 

IMG_1903

 

Og vips...

 

IMG_1908

 

...så var dei borte. Nedkøyringa gjekk føre seg til høgre for denne ryggen.

 

Vi "dødelege" rann ned same veg som vi kom opp noko som var ei flott side. Har desverre ikkje noko foto av den, men har eit som syner delar av begge nedkøyringane.

 

Nedkjøring

 

Her ser vi spora deira som rann rett ned, medan den sida vi rann ligg gøymd bak kulen som vi måtte runde til høgre i bilete.

 

IMG_1924

Sjefen i slakkare omstendigheiter nedover Grøtdalen.

 

IMG_1932

 

Underteikna nyt utsikta før den siste sida gjenstår.

 

New panorama 8

 

Så var den også ferdig(t.h). Som bilete viser, gjekk det også mange ras denne dagen òg.

 

IMG_1962

 

Eit siste gjennsyn med toppen.

Turdag: Laurdag 19 april.