Alle turane det har vore skrive om her på hjorundfjord.no ligg i arkivet.  Det er ikkje alltid like lett å finne fram att til desse turskildringane, men hugsar du t.d. namnet på fjellet du vil finne fram til, skriv du namnet i søkefeltet i høgre marg, markerer for artiklar og klikkar så på søk.  Då kjem det opp eit- eller fleire alternativ.

Likevel har det ikkje vore like enkelt å finne fram.  No er det difor laga ei samla oversikt over desse fjellturane.  Klikk på fane 3 på framsida - Fjell og Natur. Du vil no oppdage at i venstre marg har  lenka Toppturar i Vinterfjell dukka opp.  Klikk på denne og du er på rett plass.

Leitar du no t.d. etter Nordre Sætretind, klikkar du på dette fjellnamnet og du har den aktuelle artikkelen.

 

Lukke til