Etter avtale skulle vi besøke Krukkehuset.Der vart vi møtte av to "sprudlande "damer som kunne fortelle oss historia om huset, og kva det vert brukt til i dag. Namnet Krukkehuset kjem av den Bibelske historia om Sareptas krukke. Huset skal vere ei inspirasjonskjelde som aldri vert tom..Fleire kreative damer har gått saman og auser av denne kjelda. Produkta av denne kreativiteten er til salgs i hovudetasjen.

Anita og Jorunn gav oss ein flott velkomst,og ei fin oppleving.

Ingvild og Gunnhild på veg opp på loftet på "synfaring" i verkstaden.

Her "blomstrer" kreativiteten.

Ull,urter og fine damer i "skjønn" forening.:)

Godt og varmt ved ovnen, og strikktøyet låg klart....

Helen og Lavin omgitt av diverse "kreasjoner"

Oddveig, Marta og karin storkosa seg.

Turen gjekk vidare til nye Ulstein hotell.
Maten var fantastisk god.

"ALLE VAR SAMDE OM DET HADDE VORE EIN GILD TUR"
VI VIL YNSKJE DOKKE EIN GOD SOMMAR.
VELKOMNE TIL GAMLE OG NYE GJESTER NÅR DET VERT HAUST:)
HELSING INGVILD OG ANNHELENE.
Spennade tur! (06.04.2008 kl. 23:15)
Dette såg spennade ut, her kunne eg også tenkt meg å vore med. Eg har vore innom på nettsida og sett på alt dei har på Krukkehuset, og sikler over nokre bilder med høns på som heng over sofaen.. Det var vel nesten eit slik "krukkehus" på Sæbø då Elisabeth og co hadde utsalg av heimelaga ting på gamle Årsethbutikken. Men det begynner å bli nokre år sidan det også no.. Så fortsett med tanken om å lage eit krukkehus/turistinformasjon i Hjørundfjorden!!
Vibeke Mo
Eit flott tiltak.. (04.04.2008 kl. 21:09)
Å samle unge og gamle i ein felles tur til Ulsteinvik er ein flott prestasjon av Ann-Helen og Ingvild. Dette er god bygdemobilisering og slike tiltak vil vi ha fleire av i heile Hjørundfjorden. Det var synd at vi ikkje skulle sjå ansikt frå andre sidan av fjorden på samlingsbilete. Aldersforskjellen mellom den eldste og yngste må være 60 år. Stemmer det?
Men kven av damene køyrde bussen, eller er her ein person som ikkje har fått ta del i all moroa?
I allefall gratulere Ingvild og Ann-Helene for flott avslutning av sesongen. Vi venter med spenning på dokka neste trekk.
Ivar Svein Mo
Inspirerende (04.04.2008 kl. 15:02)
Takk for turen AnnHelene og Ingvild!
Et lite "Krukkehus" skulle vi hatt på Sæbø også?
De trivelige damene i Krukkehuset produserer mye fint og driver enkel kafé med hjemmebakte kaker når de har åpent. Forstår godt at de finner inspirasjon i dette huset og fellesskapet.
Da vi var på besøk var ikke utvalget det helt store, men sjekk hjemmesiden deres www.krukkehuset.no
Vi har mange flinke, kreative sjeler på Sæbø også og med en dugnadsturnus lik den Krukkehuset har burde vi kunne få til noe lignende - dersom det finnes egnede lokaler på Sæbø.
Kari Stokke
Strikkekaffe (04.04.2008 kl. 14:09)
Vil berre takke Ingvil og Ann Helen som er primus motor på stikke kaffeen, sånne mennesker treng vi i ei bygd.Turen til Ulstein var veldig kjekk,mange hadde ikkje kjørd Eiksundtunellen før,eg gled meg allereide til hausten,dokke finn sikkert på noke spennande då også,takk igjen.
Karin Flatnes