Etter litt fram og tilbake såg vi at vi desverre hadde litt for få spelarar til å stille eige lag på jentesida i år.
Men fordi jentene hadde lyst å spele fotball og fordi vår trufaste trenar i handball tok på seg å trene Ørstajentene i fotball såg vi det som vår sjanse til å henge oss på der.
Då det etterkvart viste seg at Åmdal og Sæbø stilte med ca. halvparten av jentene på laga var vi klare for samarbeid!
Ørsta/Åmdal/Sæbø stiller lag i dame 7-ar og J16 11-ar.
Nokre av jentene stilte både på jente og damelaget.
Desse har vore med på treningar i vår: Bak f.v. Torill, Synnøve, Hilde, Jeanette, Bente, Else Marie, Kathrine, Anne Sofie, Monica, Elisabeth, Malene, Kristine og trenar Roger.
Framme f.v. Jenny, Maria, Elisabeth, Kaisa, Vilde, Hege, Liv Grete, Maren, Sunniva, Ida og Ingeborg.
Jentene trenar mandag og torsdag på kunstgraset i Ørsta. Frå Sæbø/Åmdal sitt J16 i fjor stiller 7 jenter og har det kjekt. Det virkar som om det skal bli ein kjekk og samansveisa gjeng.
God stemning i pausa! f.v. Stine, Torill, Kathrine, Malene, Liv Grete, Maren, Else Marie, Elisabeth og Cecilie.
Første kamp var for damelaget onsdag mot Langevåg borte. For sikkerheitsskyld stilte vi ein time for tidleg...
Vi køyrde med Sæbø bussen og det var veldig kjekt spesielt fordi jentene på den måten blir meir samansveisa.
Malene og Liv Grete!
Jantene (damene..) gjekk rett i angrep og leda ved pause 7-1. Etter pause slappa dei litt av og Langevåg halte innpå før jentene rykte frå igjen. Resultatet vart 13-7 og ein komfortabel siger i første kamp!
Malene og Elisabeth i angrep.
Desse jemtene var med i dag: Elisabeth (2 mål), Torill, Liv Grete, Else Marie, Malene (5), Ida (2), Maren (1), Anne Sofie (1), Kathrine (2), Cecilie og Stine Terese.
Torsdag var det klart for kamp for 16-års laget.
Sykkylven var motstandar i Sykkylven og også til denne kampen brukte vi Sæbøbussen.
Kampen starta fomlande, mange av jentene hadde aldri spelt 11-år før og var litt usikre. Men då Malene skåra første målet vart dei litt sikrare og spelte til tider godt. Sykkylven skåra så to gongar og pauseresultatet var 1-2.
Trenar Roger Holen gir jentene instruksar i pausa. F.v Liv Grete, Else Marie, Ingeborg, Kaisa, Sunniva, Elisabeth, Torill, Malene (2 mål), Kathrine, Maren (skjult), Kristine og Monica. Hilde og Bente med ryggen til.
Etter pausa spelte jentene god fotball og Malene kunne sette ballen i nettet etter fint veggspel med Monica. I siste speleminuttet fekk Sykkylven inn vinnarmålet og fastsette resultatet til 2-3.
Jentene hadde mange fine sjansar som burde ha gitt resultat men det kjem nok etterkvart som jntene blir meir samspelte.
Flott spel i ein utruleg spennande kamp!!
Kommentarar