
Litt krykkete sesongstart for Sæbø. Men er Mats Riise og Sverre Børge Hjorthaug med i år?
Sæbø tapte så det suste i opningskampen i 5. divisjon. Stordal vann 5-0 på Kirkebø stadion i Stordal.
Trenar Kenneth Nydahl fortel til Møre-Nytt at laget ikkje var godt nok skjerpa til kamp. Dei første tjuefem minutta fekk Stordal skåre på alt dei produserte, og litt til. Resten av kampen var Sæbø på høgde spelemessig, men var prega av ineffektivitet.
Det var 4-0 til pause, og siste målet kom i sluttminuttet.
No håper Sæbø-spelarane at publikum sluttar opp om laget i første heimekamen på Sæbø stadion, onsdag (23. april) kl. 18.30 på Sæbø stadion
Heia Sæbø ! (23.04.2008 kl. 19:04)
Lykke til i kveld Kenneth & Co.
og heilt enig med bror...dersom ikkje Rune legg ut noko info om A-lags fotballen, kjem det ikkje noko informasjon i det heile. Her må fleire ta tak.
Alf Ole Aarseth
Informasjon (23.04.2008 kl. 09:37)
Godt poeng Rune. Har sakna informasjon om Sæbøfotballen hittil i år på portalen. Resultat og kamprapportar om Sæbø må ein faktisk til andre nettstadar for å finne (t.d voldasupporter.com, hil-fotball.net og vartdal-fotball.com)
Norborg.com og stordal.nu er eksempel på andre nettsider med fantastisk dekning av sunnmørsfotballen og er noko å strekkje seg etter. Men då treng ein eldsjeler. Mari-Anne har gjort ein strålande innsats med informasjon rundt aldersfastlagde lag i handballen, og noko liknande for fotballaga burde vore prioritert.
Med tanke på brukarfrekvensen på hjorundfjord.no så er dette ein utmerka kanal for å nå ut med informasjon til alle involverte lag i Sæbø IL. Dei ymse laga kunne t.d hatt sin eigen underkategegori under "Sport" i venstremenyen, der informasjon, treningstider og kamprapport/resultat kunne leggjast inn. Når ein har ein slik brukarstyrt portal som hjorundfjord.no tilgjengeleg, er det også lettare å fordele arbeidet/infoen enn at alt ligg på ein person.
Lykke til mot MSIL!
Kjell-Johan Aarseth
Rapportering (23.04.2008 kl. 00:05)
Fotballgruppa og Sæbø IL generelt bør sjå seg syn med å levere kamprapportar på hjorundfjord.no. Er informasjon ei sak som er prioritert av hovudstyret i Sæbø IL og fotballgruppa? Er informasjon diskutert ? Hugs at Sæbø IL er den største barne-og ungdomsorganisasjonen i fjorden, og informasjon hadde vore artig å få.
Rune Sæbønes