Med dette resultatet er Åmdal no på andreplass på tabellen, medan Sæbø er plassert midt på etter tre kampar. 

Første omgang var jamn og sjansefattig, og det skjedde lite før dei ti siste minutta. Då vart det imidlertid liv på Sæbø stadion. Tre minutt før pause tok Sæbø leiinga. Ole Sunde sende ein stikkar til Bjørn Egil Espenakk, som skrudde ballen fordi Hermod Halse i Åmdal-målet, og det vart 1-0 til Sæbø.  

Eitt minutt etterpå kom Sigurd Nybø åleine igjennom for Åmdal, og velta overende i straffefeltet. Sæbø var heldige som slapp unna straffespark og raudt kort på Marius Strandmann.

Etter første omgang var Åmdal-spelarane frustrerte. Dei meinte målet til Sæbø var offside, og at Åmdal skulle hatt straffespark. Dommar Bjarte Steinsbu vart då bana sin mest markante person, og meir skulle det verte.

I andre omgang kom Terje Holen på bana for Sæbø. Det sette fart i Sæbø, og alt etter to minutt av andre omgang vart det 2-0. Først hadde Holen nein sjanse før Marius Riise fekk ballen på sekstenmeterstreken. Han gjekk på tvers, vende, og skaut i motsett hjørne for Halse.

Sæbø kunne ha auka leiinga både ved Terje Haugen Øye og Yngve Frøland, men mål vart det ikkje.I staden vart Holen skadd for Sæbø, og heimelaget miste heilt taket på midtbana. Åmdal tok over.

Kjetil Hovdenakk  reduserte for Åmdal etter 55 minutt då han skaut ein retur i mål.

Åmdal pressa vidare, og etter 79 minutt vart det 2-2. Sigurd Nybø fekk ballen, og skåra frå kort hald.

Sjølv om Åmdal pressa, fekk Sæbø sine sporadiske angrep, og tre minutt før ordinær tid var ute, vart Bjørn Egil Espenakk felt innanfor sekstenmeteren. Straffa var klar, og Jan Kjetil Holen var sikker frå straffemerket: 3-2..

Det såg ut til å gå mot Sæbø-siger, men Åmdal pressa vidare. Fire minutt på overtid skaut Sigurd Nybø mot mål frå det som var ein klar offisde-posisjon. Kristoffer Valseth i Sæbø-målet fekk fingrane på ballen, og ballen gjekk i stonga. Stig Harald Myklebust såg ut til å ha kontroll på returen. Men då dømde Steinsbu at ballen var inne!

Det er ikkje tv-kamera som kan vise repetisjonar på Sæbø stadion, og dermed står resultatet: 3-3.

I og for seg var det eit greitt resultat, men det kunne ha vore ein fordel for seinare oppgjer i femte divisjon at kampane vart dømde av ein dommar som held i alle fall dette nivået. Synd å seie det, men det gjorde ikkje dommaren onsdag, og det gjekk utover begge lag.

Tabell 5. divisjon

1  Stordal        3 +7 3 0 0 9

2  Hovdebygda 3 +6 3 0 0 9

3  Åmdal         3 +7 2 1 0 7

4  Skodje        3 +4 2 0 1 6

5  Harøy         3 +2 2 0 1 6

6  Sæbø          3  0 1 1 1 4

7  Ellingsøy      2 +1 1 0 1 3

8  Sykkylven 2  3 0 1 0 2 3

9  Ravn            3 -4 1 0 2 3

10  Blindheim 2 2 -6 0 0 2 0

11  Emblem      3 -8 0 0 3 0

12  MSIL           3 -9 0 0 3 0