tur til lanternen 068

Her rundt kaffibordet sit frå venstre: olav, Ragnar, Karl, Ann Helen og Signe.

Vi reiste med idrettslagbussen frå sæbø , vi kjaurde gjennom tunellane utover mot Hærøy og hadde kaffipause på Lanternen .

Der fekk vi kake og kaffi, vakker utsikt mot Hærøy gard ,ute var det vårleg og sol.

tur til lanternen 070

Her sit Bertha, Elsie(fremst), Borghild, og Anna, på bordet bakom ser vi Oddfrid og Knut.

Praten gjekk lett rundt bordet og mange meinte at neste gong burde vi kjøpe oss middag!

Mange gode historier og artige hendingar kom fram under kaffistunda.

 

 

tur til lanternen 071

Her er Harriet og Oddfrid , fulle av godord over maten, turen og alle fine plassane me fekk sjå.

Nokre hadde aldri vore på desse traktene før, andre var godt kjende.

tur til lanternen 065

I bussen var det høg stemning, latteren sat laust og vi song for full hals, Mellom bakkar og berg, De nære ting, No livnar det i lundar og mange kjende songar.

Vi ga oss god tid og stoppa og såg på det som måtte intressere  dei reisande.

tur til lanternen 067

Her ser Signe utover havet, på kjende heimtrakter på Flø.

Veret var flott reisevèr, overskya og opphald.

På Flø var det vår og vi fekk sjå ein flokk storfe som gjekk ute heile året. 

tur til lanternen 050

Her er gjengen samla utanfor bussen, nokre var klar for heimveg, andre ville gjerne vere lenger, men alle var einige om at vi hadde ein fantastisk tur!

Det vert ikkje lenge til neste gong!

Frå venstre: Ann Helene, Harriet, Signe, Oddfrid, Bertha, Borghild, Elsie, Karl, Anna, Ragnar,

Eldrid, Knut, og Olav.