Denne veka har den gamle skibakken blitt rydda fram, og barnehagebarna planlegg å bruke den til ski og akebrett allereie neste vinter.

skibk1   skibk2

      Skibakken                                                Barnehagebarna testar skiføret.

 

Den nye bålplassen er planlagt vest for skibakken - mot Kvennavegen - og er planlagt steinlagt før vi flyttar bålet. 

Men her er enno skog vi treng hjelp til å få bort. All skog/kratt bak mot elva samt tre grantre som er merka med raudt. 

skog1 sandvolley

Dette krattet bak gamlebålet må bort, for her vil vi ha ein sandvolleyballbane (om eit år eller to).

skog2

Dette krattet skal og bort, det same skal desse grantrea:

gran1 gran2

Vi ønskjer å få vekk grana på gravhaugen, og betre få fram lauvtremiljøet der. I tillegg ønskjer vi å fjerne to grantre med knekt topp lenger aust på området.

Vi treng hjelp for å få dette til.

Med helsing

Hilde Muren