Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Mange har lest Fred Ingar (Somby) sine reportasjar frå bratte snøgjel og renner med stor interesse.  Likevel skal det ikkje stikkast under ein stol at det også har kome fram kritikk mot han for desse artiklane, m.a. her på Hjørundfjordportalen.  Har han teke seg nær av denne kritikken?  Vil han slutte med desse farefulle ferdene sine? Mykje kan tyde på det.

IMGP3661 (Large)

Barske menn og solkrem.  Fred Ingar til venstre, Gjøran (Kvitle) til høgre)

Etter ein flott fjelltur i går, var det tvilsamt om eg skulle på ny tur i dag, men då ei tekstmelding frå Gjøran tikka inn i går kveld med spørsmål om fjelltur, måtte svaret bli ja.  Fred Ingar i Team Somby bestemte at det skulle prøvast på Søre Sætretind.  - Hugs stegjarna, sa Fred Ingar til meg før han la på.  - Klart det, sa eg.

Søre Sætretind høyrest tøft ut, men hadde den tidlegare nemnde kritikken "mjukna" Fred Ingar?  Tvilen kom over meg allereie like etter start under Fladalen.  Fred Ingar takka nemleg ja til solkrem frå Gjøran.  Rett nok brukar også eg solkrem, men likevel...

Turen oppover gjekk fint, litt ulendt terreng måtte rett nok passerast, men snart såg vi målet, Søre Sætretind, rett framom oss.

IMGP3667 (Large)IMGP3671 (Large)

T.v.:  Enkelte stadar var terrenget litt ulendt...  Lengst bak ser vi målet, Søre Sætretind.

Men vi skulle få fleire teikn på at Fred Ingar hadde blitt ein mjuk mann.  Vanlegvis er det eg som brukar å vere sjokoladeansvarleg på desse fjellturane, men plutseleg drog Fred Ingar fram ein stor Daim Melkesjokolade og spanerte på oss.  Og ikkje nok med det - ikkje lenge etter vart det også matpause med kaffi.  Noko måtte vere heilt ute av lage, og det var ikkje med Gjøran eller underskrivne.

IMGP3675 (Large)IMGP3680 (Large)

I Fladalen, under Søre Sætretind, spanderte Fred Ingar både sjokolade og beordra matpause.

Etter pausen fylgde vi råda frå boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" til punkt og prikke.  Vi tok av oss skina  under den bratte snøbakken rett nord for tinden.  Deretter gjekk vi bratt oppover på føtene.  Men kva skjedde?  Ca. 50 høgdemeter frå toppen ropte Fred Ingar stopp. - Underlaget er for hardt under nysnøen, vi må snu.

IMGP3695 (Large)

Så langt, men ikkje lenger.  - Vi må snu, ropte Fred Ingar frå enden av fotspora, til oss.

Eg trudde knapt mine eigne øyrer.  - Snu her?  Eg prøvde meg, med støtte frå Gjøran, å kalle  svigerson Fred Ingar m.a. for pingle - ein svigerfar skal no oppmuntre -  men han var ikkje til å rikke sjølv om han hadde fullt klatreutstyr i sekken sin. Han kom nedover igjen.  - Det går ikkje, når du ikkje har stegjarn, sa han i det han passerte meg.

Vel, vel, eg gløymde altså stegjarna mine heime denne dagen, men eg meiner framleis det var ei dårleg orsaking for at Fred Ingar skulle snu.

IMGP3702 (Large)

Så nært toppen, men likevel like blid. Muffens.  Vi ser den kvite, flate toppen av Søre Sætretind med "4-metershammaren rett over hovudet på Fred Ingar.

Det må seiast at vi også prøvde å angripe toppen frå vest, men den vegen var det heilt uråd for oss å kome opp.  Vart så denne turen vekkasta?  Nei, så absolutt ikkje.  No er dagane i fjellet heilt fantastiske.  Denne dagen var ikkje noko unnatak.  Etter kvart oppdaga Gjøran og eg at Fred Ingar kvikna til igjen heller raskt - det vart raskt slutt på "pinglefaktene".  Det synte seg at det var fleire toppar enn Søre Sætretind i området...

IMGP3708 (Large)

Gjøran veit kva fjellet i bakgrunnen heiter, men veit du?

IMGP3712 (Large)

Ser ein godt etter nede i venstre billedkant, ser ein at Fred Ingar har kvikna til igjen.

Om nokon skulle uroe seg over fotoet over, er det berre å seie at fotoa ofte ser verre ut enn det er. Men Fred Ingar kom seg etter kvart opp på eit anna fjell - ein topp mellom Nordre- og Søre Sætretind.  Vi har god fantasi, så vi har kalla den Midtre Sætretind.  Den må vere vel 1350 meter høg.  Er det nokon som veit noko om denne toppen?  Har den eit namn?

_IGP1472b 

Fred Ingar på Midtre Sætretind.  Søre Sætretind bak ryggen hans.

Renne-/køyreforholda var kanskje ikkje fullt så gode i dag som i går, men likevel var turen ned i Fladalen nærast ubeskriveleg.  Fleire hadde dagane i forvegen nytta seg av denne dalen og på nedturen møtte vi også fem andre som var på veg opp. 

Før vi startar fotoserien, må det seiast at Team Somby er fullstendig klar over at den eminente telemarkkøyraren Gjøran Kvitle ikkje brukte hjelm under nedkøyringa.  Nei, han hadde ikkje noko på hovudet i det heile.  No kan Fred Ingar love både mor og sambuar til Gjøran at slik "haudelaus" framferd ikkje vil bli godteke på seinare turar.  Fred Ingar er som nemnt ikkje pingle lenger, men han krev no likevel skredsøkar både på kone og barn i langrennsløypa.

Gjøran_1b

Gjøran ned det første "henget".  Legg merke til snøballane i øvste, venstre billedkant.

IMGP3730 (Large)IMGP3731 (Large)

Jau, Gjøran har nok løyst ut ei solfonn, men ho når han ikkje att.  Til høgre har både fonn og mann stoppa.

Fred_1b

Så er det Fred Ingar sin tur.  I dag var det berre å kose seg på breie randoneski.  Men korleis har snøen kome på hjelmen?

IMGP3744bIMGP3745b

Berre Gjøran kjem seg over kanten no, ser vi at mannen er skapt for...

_IGP1480b

...fart

_IGP1507bIMGP3753 (Large)

Kvifor Fladalen??

Så er det Fred Ingar sin tur igjen.

IMGP3758 (Large)

Fred 2 (Large)

Fred Ingar nærmer seg her botnen av Fladalen.

I dag(laurdag) kan vi høyre på radioen at President Putin i Russland har funne seg ei ny kone.  Ho er 24 år og driv med rytmisk sportsgymnastikk,  Fred Ingar og Gjøran er ikkje spesialistar på den idrette, men synkronkøyring likar dei svært godt.

Fred_og_Gøranb

Ein med randoneutstyr, ein annan med telemark, men synkronkøyring er dei spesialistar på.

Mannfolk kan også leike seg.  Takk for turen.

Alle foto:  Fred Ingar Somby, Knut Hustad

P.s.  Eg er visst etterlyst.  Det kan bekreftast at eg var med - med hjelm.

_IGP1488b

Så ein quiz til slutt.  Kva heiter fjellet under?

IMGP3681 (Large)

Quizen

Svaret er Midtre Regndalstind