Grendalaget inviterer store og små til ei felles økt førstkomande måndag ca. kl 18. Vi håpar folk i området kan stille, og tek med høveleg reiskap. Grendalaget stiller med kaffi/saft og noko å bite i.

Ta deg ein tur, då vel!

 Vi tenkjer at vi seinare i sommar kanskje kan samlast her, både store og små, til festleg lag. At ein her kan ha eit triveleg samlingspunkt for felles grilling og prat rundt borda. :)