Det var i samband med behandlinga av budsjett og økonomiplan at fylkespolitikarane gjekk inn for å samle seg om eit vedtak som skal sikre oppstart til hausten, dersom reguleringsplanen vert godkjent. Lovnadane sat laust hjå alle parti på fylkestinget og det var tydeleg at dei fleste no var kjend med den store rasfaren på strekninga. No voner me framdrifta vert slik prosjektleiinga legg opp til og ser fram til rastrygg veg i 2009.

Debatten i fylkestinget var interessant å ha med seg og det var stas at så mange av politikarane var engasjerte i saka. Oddhild Saure Bogen og eg er glade for at me tok turen til byen for å høyre debatten og få med oss vedtaket. Trur ikkje det vert kvart år at ei lita bygd inst i Hjørundfjorden vert via så stor plass i budsjettdebatten til fylkestinget. No håper og trur me at dette er den siste budsjettdebatten det er nødvendig å fylgje for denne saka sin del!