Det var i samband med behandlinga av budsjett og økonomiplan at fylkespolitikarane gjekk inn for å samle seg om eit vedtak som skal sikre oppstart til hausten, dersom reguleringsplanen vert godkjent. Lovnadane sat laust hjå alle parti på fylkestinget og det var tydeleg at dei fleste no var kjend med den store rasfaren på strekninga. No voner me framdrifta vert slik prosjektleiinga legg opp til og ser fram til rastrygg veg i 2009.
Debatten i fylkestinget var interessant å ha med seg og det var stas at så mange av politikarane var engasjerte i saka. Oddhild Saure Bogen og eg er glade for at me tok turen til byen for å høyre debatten og få med oss vedtaket. Trur ikkje det vert kvart år at ei lita bygd inst i Hjørundfjorden vert via så stor plass i budsjettdebatten til fylkestinget. No håper og trur me at dette er den siste budsjettdebatten det er nødvendig å fylgje for denne saka sin del!
Kommentarar
Så får vi håpe ting kommer i gang så fort at ingen "kloke" hoder finner på å omdisponere midlene.
Det skulle ikkje være noko betre AS Norge kan bruke sine store inntekter til enn å bygge varige verdiar i landet.
Eg stiller meg bak Unn og gratulerer Cecile og dei andre på Bjørke med flott utført arbeid. Hadde det ikkje vore jobba så intenst med denne saka og fått media og politikarane i Ørsta og Volda med, så hadde desse pengane vorte asfalt.
Dette er eit døme på korleis ein skal jobbe i eit demokrati. Greier ein å få fram dei faktiske forholda slik alle politikarar veit kva dei stemmer på, så vil fornufta råde tilslutt.
Eit flott stykke arbeid frå enkelt personar som verkeleg brenn for bygda si, har vi sett her. Og ikkje minst, dei har vist andre at det nyttar å stå på. Gratulere Bjørke!
Du har virkeleg stått på Cecilie! No gler eg meg til tunnelfest!:)