Kan du hjelpe med å få oversikt på ein del ord og uttrykk frå gamle Hjørundfjord kommune?
Informasjonen skal inn på dei nye sidene på portalen (flora og fauna). Den skal også nyttast i foredraga eg gir guidane i Ålesund og Sunnmøre guideforening som skal inn Hjørundfjorden dei komande åra.
Desse orda kjenner eg til.Veit du om andre?
Det er ikkje noko poeng at namna er eksotiske. Poenget er om me har lokale namn. Om ordet også er nytta i nabokommunane er ikkje så farleg. Spørsmålet er om me har brukt ord i flora og fauna som ikkje "alle" er kjende med.
Harehúkre = Hubro
Slentr = Oter
Jase = Hare
Jasegeit = Ho-hare (...?...)
Geitsymre = Kvitveis
..., (anna namn på nise?)
... (anna nam på rev?)
.... (anna namn på alle dei sjeldne hakkespettane som skal vere langs fjorden)
...... (eige namn på fiskesortar)
..... (gaupa?)
Korp = Ravn (? mulig trønderske slektninga som her lurer meg?)
Klokkar (07.04.2008 kl. 12:42)
Klokkar er eit namn som har vore nytta om liten raudfisk (uer).Veit ikkje heilt skrivemåten på denne, men knorren har vorte kalla for "auskjærrjåt". Knorringa vart ekstra god å høyre når den vart lagt under ausekaret i båten. Det er sikkert mange smågutar som har hatt mykje løye med det. Har også haurdt om olbogekreder, men her er eg heller usikker på kva namnet kjem av.Kan det vere eit mål på størrelsen på kredene? Då er dei i alle tilfelle store.
Lisbeth Aklestad
Lappegople.... (07.04.2008 kl. 10:55)
= Rompetroll(egg)?
Hilde Muren
Takk (07.04.2008 kl. 10:06)
Du har rett Unn. Krede er liten Ørret, eg bomma dær.
Kay-Morten er nok ikkjeå ung lenger, 27 år. Berre bestemora som fortsatt e like ung her :-)
Andre ord: Trode / fisketrode - lang kjepp eller bambusstang, gjerne brukt til fisking.
Stronga - samling av store greiner frå treda
Eva Aarskog
Jase/Jasegeita (06.04.2008 kl. 23:48)
Vert også diskutert her:
http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=1300
Så konklusjonen er vel at det er ho-haren som er jasegeita, men kattugla lagar lyden :)
Roy-Magne Mo
Urkjer (06.04.2008 kl. 22:22)
Urkjer = kråkebolle
Kobbeglye = brennmanet
Flysje = mus
Lisbeth Aklestad
Kreder-kræder (06.04.2008 kl. 22:08)
Eg trur du tek litt feil der bestemor Eva! Kreder er vel ein slags liten Ørret? Den har ingenting med laks og pjakk å gjere, pjakk er ein ungdommelig laks, kreda er ikkje eit laksebarn;) Dette kan nok Helge utdjupe meir.
Min første tanke når eg såg du var blitt bestemor var at Kai Morten måtte være in svært ung far, men når eg begynte å tenke over det så er han kanskje ikkje så liten lenger. Iallefall:Gratulerer!
Men veit noken noke om den JASEGEITA? Er det ei ugle??
Unn Frøland
Bruksnamn (06.04.2008 kl. 21:53)
Hakkespett =Treklopp.
Karin Flatnes
tjuke-kongle (06.04.2008 kl. 21:37)
Unn Frøland
Fossekall (06.04.2008 kl. 20:44)
Fossekall - elvaprest ( Norangdalen )
Sølvi Britt Skylstad
Kræde (06.04.2008 kl. 15:41)
Som born fiska me kræde i kvennelva, rett atme huset. Har fleire gonga prøvd å få kræde i Rognestøylsvatna - og veit at dei er der!
Dei minste krædene gikk til katten, dei støste vart rulle i kveitemjøl, salt og pepar og steikt. NYYYYYDELEG mat!
Kræde er vel små pjakka, som igjen e små laksa trur eg.
I fylgje Simon Aklestad er jasegeita noko som kjeme og teke små borna som ikkje er lydige. Eller små born som ikkje gjekk heim når det vart mørkt. Og av og til hadde den vore på besøk med oss og gjort sån forskjellige ting som ingen hadde heilt forklaringa på - og som pappa heilt klart sa frå at den måtte slutte med...
Eva Aarskog
Andre navn (06.04.2008 kl. 14:35)
Bergdronning - søstergras
Fjellfrue,bergfrue,bergblom -fjellrose
Smålaks -pjakk
Kvann - jol
liten torsk (mindre enn 3 kg)-kroppung.
Sølvi Britt Skylstad
Spekkhogger (06.04.2008 kl. 13:42)
Spekkhogger -staurhønning
Sølvi Britt Skylstad
Ulv (06.04.2008 kl. 12:56)
Skrobb, gråbein= ulv
På Frøland har vi t.d stadnavmet Skrubberabben.
Kan det stemme at Jasegeit er ei ho-hare? Noke seier oss at den har vengjer.....
Kjell Frøland
Unn Frøland