Seinast sist laurdag gjekk kommunelege i Ørsta, Svein-Jørund Olson,  ut i Møre-Nytt og kravde at legekontora på Vartdal og Sæbø måtte leggast ned for å unngå legekrise i Ørsta.  Tidlegare har vi sett at legar i Ørsta har hatt møte med lokalpolitikarar og krava har vore dei same - dei to utkantlegekontora i kommunen må leggast ned.  I  formannskapsmøtet i Ørsta i dag vart legane sitt krav teke delvis til fylgje - legekontoret på Sæbø vert lagt ned allereie frå 1. juni 2008.

20080331_1981

Ordførar Gudny Fagerhol 

Ordførar Gudny Fagerhol, vi hjørundfjordingar er vel kjende med det som vi reknar som ufine- og distriktsfientlege krav frå legane i Ørsta, men vi hadde likevel aldri rekna med at formannskapet med deg som ordførar i spissen, villle legge ned legekontoret på Sæbø allereie frå sommaren 2008.

- Det var sjølvsagt eit svært vanskelg vedtak som formannskapet måtte gjere i dag, men ingen er tent med ei legekrise i Ørsta, heller ikkje hjørundfjordingane.

Men har du ikkje fått med deg at legen vår, Bruno Hame, gjennom over 30 år har gjort ein kjempinnsats som lege i Hjørundfjorden og at han framleis ikkje er pensjonist?

- Sjølvsagt har eg fått med meg den formidable innsatsen han har gjort - eg har sjølv nytta meg av legekunnskapane hans - difor vil han få både takk og påskjøning i eit seinare kommunestyremøte.  Likevel er det slik at Hame sjølv har gått ut og sagt at han vil gå av med pensjon frå sommaren 2009.  Då er det ikkje så alvorleg at han må gå av berre eitt år tidlegare, han kjem i alle høve inn under den populære AFP-ordninga.

- Men kva med oss som bur i fjorden - har vi ikkje krav på ei god legeordning?

Sjølvsagt har de det, men vegen til legesenteret i Ørsta - det kjem snart eit nytt og større - er ikkje så lang.  Ventetida her er heller ikkje så mykje å snakke om, berre fem-seks veker, sier ordførar Gudny Fagerhol og må haste tilbake til formannskapsmøtet som i skrivande stund enno ikkje er avslutta.

Ordførar Fagerhol la likevel til heilt til slutt at det er kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket om nedlegging av legekontoret på Sæbø, men ho rekna heilt klart med at kommunestyret ville fylgje dagens vedtak i formannskapet. 

 

Portalens aprilspøk