IMG_1250

Knut Hustad (t.v.) er nøydd å ta fire år i forliksrådet, har m.a. ordførar Gudny Fagerhol og varaordførar Paul Kristian Hovden bestemt. 

 

Knut Hustad har klart sagt frå at han ikkje tek attval som leiar i forliksrådet, og det har vore mykje korrespondanse mellom  Hustad og kommunen om saka.

Formannskapet har no på tre møte prøvd å finne ein avløysar. Men det har ikkje lukkast. Til møtet tysdag var tidlegare kommunepolitikar Jan Magne Dahle på nippet til å seie ja til vervet, men han trekte sitt kandidatur i siste liten med følgjande kommentar: "Det er vanskeleg å hoppe etter Wirkola".

Hustad har vore leiar i forliksrådet i seksten år, og formannskapet kom tysdag til at han må sitje i fire år til. Vedtaket er som eit pålegg å rekne, for Hustad er for ung etter regelverket til å krevje fritak.

Formannskapet legg i vedtaket vekt på Hustad sine samlande eigenskaper, og at gjennom seksten år som leiar har det berre kome to klager på hans avgjerder i forliksrådet.

 

Portalens aprilspøk