Folk på Sæbøneset stilte mannsterke og fulle av arbeidslyst på dugnaden måndag. Leikeplassen vart både skoga, og rydda nærast til det ugjenkjennelege. Born og vaksne kosa seg i ypparleg dugnadsvêr, og det vart ei sosial og kjekk ykt på alle måtar.   

Olav henta motorsaga, og fekk saga vekk furubuskene i skråninga opp mot vegen.
CIMG7196


Med mange ivrige hender fekk vi fort rydda
heile fotballbana for ugras.

CIMG7195 

Borna ville gjerne hjelpe til, og sette tydeleg pris på å få gjere noko ordentleg arbeid. Dei gjorde nok mange oppdagingar denne ettermiddagen òg. Dei lange røtene og makkane som følgde torvene opp, var kanskje spesielt interessante…
CIMG7198
Og det er kjempekjekt når så mange vaksne er ute!

CIMG7205
Etter å ha arbeidd lenge og vel, kom det mat på bordet.

Her var det litt av kvart å finne: Koldtbord- og kake-restar, nysteikte vaflar, muffins, kjeks, saft og kaffi.

CIMG7203CIMG7204
Skikkelege arbeidarar treng påfyll… nam nam
 

Vi fekk tid til å syngje bursdagssongen òg!  Ingvild hadde bursdag; ca. 29 år.

Dette vart ein rett triveleg ettermiddag/kveld for både store og små. Akkurat slik ein dugnad skal vere!

Mine to minste slokna fort i kveld, og søv nok ekstra godt i natt.
Dei gler seg no til fotballsparking på ”ny” bane. Glimrande!
  
Sjå kor fint det vart!

Vidar legg siste hand på verket..
Bana treng berre litt meir grus no, så....
  

CIMG7206


Elles satsar vi på å få køyrt vekk ”store-rusket” ein høveleg dag i nær framtid. Så vert det påfylling av grus på bana. Då treng vi nokon som kan stille med trillebår og ”grafse”….                          

Takk til alle, for ein kjekk dugnad! J

(Foto: Ann Helene Urkegjerde)