Like sikkert som våren kjem, kjem kalkbåten til Sæbø ein gong i året, for då begynner bøndene å kalke åkrane sine, og kalken er svært viktigt for grasproduksjonen for å nøytraliserer surheita i jorda.

Kalkbåten ”Iselin” ankom Sæbø 13.30 med jordbrukskalk frå Visnes Kalk AS på Lyngstad. Dette medførte stor trafikk av traktorar med tilhengarar på hovudveien som var fullasta av kalk. Nokre lastebilar køyrde også mykje kalkLossar_Iselin
M/S "Iselin" lastar ein lastebil.

Allereide Onsdags kveld hadde den lokale salgsrepresetanten tinga vekk over 300 tonn til bygda, men før båten kom til Sæbø hadde ho vore inne å lossa i Sykkylven.Iselin_kai
M/S ”Iselin” vart bygd i Bremerhaven, Tyskland i 1955 som M/S ”Bremer Flagge”. Skuta har seinare fått navnet ”Kaba”. Båten er 52 m. lang og kan laste 800 tonn. Skuta er i dag eigd av Egil Arne Torhus, Molde, han eige også fraktebåtane ”Sygin”, ”Bulkstar” og ”Emmy”.

"Iselin" reiste ifrå Sæbø seinare på kvelden, og då låg der igjen litt kalk i Sæbø, kanskje det er bra for miljøet i Sæbø?