Etter kvart har X2 i Ørsta blitt ein landskjend tindekonkurranse.  Målet er å gå frå Skåla i Ørsta til toppen av Saudehornet, renne ned att og så gå opp på toppen av Nivane på kortast mogleg tid.  Det må nemnast at dette utgjer tilsaman 3500 høgdemeter opp og ned.

Nytt i år var det også at X2 toppkonkurransen var med i den Skandinaviske skibestigningscupen Boxcup.  Dette gjorde at det var med deltakarar ikkje berre frå heile Noreg, men også frå utlandet.  Og her gjorde altså Stig Helset frå Volda det svært godt - han greidde ein svært flott femteplass.

IMGP3803 (Large)

Stig Helset, Volda, greidde ein svært flott femteplass.

Gratulerer Stig, dette gjekk fort?

- Takk for det. Ja, det gjekk så fort som eg kunne håpe.  Eg må berre seie meg svært godt nøgd med å ikkje kome lenger bak proffane og halvproffane som kom først i mål.

Og du slapp å møte "veggen"? 

- Ja, i alle høve nesten.  Eg merka at "veggen" ikkje var langt unna då eg nærma meg dei siste haugane før toppen av Nivane, men heldigvis er eg så godt trent at eg merkar når eg bør roe meg ned slik at det ikkje vert full stopp.  Nei, igjen - dette gjekk så godt som eg kunne våge å håpe på.

No etterpå, er det noko anna du ville ha gjort i løpet av vinteren for å nærme deg meir dei aller beste?

- Ikkje så mykje.  Kanskje har eg trent litt mykje lange drag - eg har vel ca. 70000 høgdemeter i løpet av vinteren - og litt for lite intervalltrening.  I tillegg har eg kanskje trent i meste laget åleine.  Dei beste trenar gjerne i lag oftare.  På den måten "pushar" dei kvarandre til å yte meir.  Men no snakkar vi om små marginar.

Takk

IMGP3806 (Large)

Det er godt å få pappa i mål

Det var stor spenning mellom dei to beste, men til slutt var det Ola Hovdenakk, Molde, som trekte det lengste strået.  Han slo nr. to på lista, Ola Berger, med ca. 20 sekund.  Nr. 3 i herrekonkurransen vart Andre Haugsbø frå Sunnfjord.  Han er elles godt kjend i området, sambuar med Bodil Ryste, Hovdebygda, som han er.

Bodil Ryste var den beste i kvinneklassa frå vårt område.  Ho tok ein fin fjerdeplass.

IMGP3785 (Large)IMGP3788 (Large)

Her ser vi dei to beste.  Vinnaren Ola Hovdenakk, Molde, til venstre og trønderen Ola Berger vart nummer to, ca 20 sekund bak Hovdenakk.

IMGP3787 (Large)

Andre Haugsbø frå Sunnfjord - og litt hovdebygding - vart nummer tre.

Vinnartida til Ola Hovdenakk vart 1.12.06

Ola Berger 1.12.33

Andre Haugsbø 1.24.06

Stig Helset 1.32.05

Ein annan lokal helt som deltok var Svein Aam.  For hjørundfjordingane er han mest kjend som mannskap på færingen Ove Røv, journalist i Sunnmørsposten og laksefiskar i Bondalselva.  Han fekk tida 2.25.39.

Det var mange publikumarar tilstades under dei ulike arrangementa i Skåla.  Sjå foto under.

IMGP3776 (Large)

IMGP3778 (Large)IMGP3777 (Large)

Røde Kors og lydmann høyrer også med

Og deltakarane dei sleit seg mot toppen av...

IMGP3769 (Large)IMGP3808 (Large)

....Saudehornet(t.v.), eller Nivane

Heilt til slutt spurde eg dei tre beste, som reiser rundt i store delar av Europa for å vere med i slike konkurransar, kva dei meinte om arrangementet.  Svaret dei gav må varme arrangørane: - Dette er heilt topp, fullt på høgde med dei beste arrangementa vi er med på.  Kanskje til og med betre.