Dette er ikkje første gongen Marita får svar på flaskepost. Den første fekk ho svar på ca. 3 veker etter at ho sende den, og den vart funnen på Tøsse i nærleiken av Sjøholt. Dette er ca. 11 år sidan  no. Mor til Marita, Norunn har klipt ut eit stykke som stod om dette i Møre Nytt den gongen.

 Flaskepost 2008 

Litt etter kasta Marita to flasker til i sjøen, denne gongen i nærleiken av elveosen på Sæbø, kanskje ville flaskene få litt hjelp av straumen frå elva slik at dei reiste litt lenger? Samme året fekk ho ein telefon frå eit par som hadde funne ein flaskepost på Vannøya i nærleiken av Tromsø. Den flaska hadde altså reist langt.

 

Marita hadde nok gløymt den siste flaskeposten då ho no fekk telefon igjen. Denne gongen vart flaska funnen av ei familie som gjekk tur i Gausnesfjøra, i nærleiken av Sjøholt. Tøsse, der den fyrste flaska vart funnen, og Gausnesfjøra ligg ikkje så langt frå kvarandre. Den første vart funnen etter 3 veker, medan det gjekk 11 år før den siste vart funnen. Sjølv etter alle desse åra var flaskeposten i forbausande god stand. Brevet låg i ei vanlig brusflaske av plast med skrukork.

Flaskepost 2008 002-crop

 

Dei som studerer teikninga til Marita vil sjå at Sæbø ikkje hadde fått nytt postnummer enda då flaska vart sendt. Er det nokon som hugsar når nummeret vart endra frå 6180 til 6165? Dette er ikkje ein quiz…