Satsingsområdet Hjørundfjord

vart lansert i forkant av sesongen 2007 av både 62°Nord og Cruice Service. Ferja  ” Fjord Øye” var nokre dagar forseinka ved oppstart, men kom i gang 8. juni og gjekk sesongen ut til 1. september. Cruise Service, som brukte hurtiggåande passasjerbåt frå Ålesund med endestasjon Øye, avbraut sitt tilbod eit stykke ut i feriesesongen, før planlagt, og grunnga det med mannskapsmangel.

 

Urketur 

Har "Fjord Øye" runda Lekneset for siste gong?

 62°Nord gjorde det kjent at dei hadde, i første omgang, eit to-årsperspektiv på ferjedrifta. Siste sommar var det mykje dårleg ver og det var nok langt frå at reiseoperatøren var fornøgd med belegget på ruta.  Men det var uttrykt av det uansett ville ta tid å innarbeide nye ruter og lanseringa kom og så seint at det var få reiseoperatørar som kunne inkludere fjordturen i sine planar. 

Utgangspunkt Solavågen

På 62°Nord si heimeside - så seint som i mars i år - låg ruteplanen for ” Fjord Øye” inne med to turar pr. dag, men med utgangspunkt Solavågen i staden for Magerholm som var heimehamn i fjor. Dette korta ruta litt og det vart varsla endringar av oppstillingsplassane på kaiområdet på Solavågen.. Vi kjenner til arrangement som har inkludert i opplegget og har tilrådd bruk av turistferja for komande sommar. Dette er no urelevant.

1020016 

Her ligg "Fjord Øye" i vinteropplag på Sula - saman med ærfuglparet i framgrunnen 

Men så vart opplegget fjerna 

Heimesida til 62°Nord pr. i dag nemner ikkje ferjeruta på Hjørundfjorden. ”Fjord Øye” ligg trygt fortøya ved Furneskaia ved Mauseidvågen. Solide trosser vert nok ikkje løyste for å starte opp att i fjorårsruta. Ferja er innleigd frå eit reiarlag i Trøndelag.

P1020019 

Solid fortøya - for alltid? 

 Nye planar for Hjørundfjordsatsinga.

Terje Devold vart frå 1. mars tilsett som ny toppsjef i selskapet. Han grunngir omlegginga slik: 

- Det har vist seg vanskeleg å få ei langsiktig avklaring om biloppstillingsplass for ferjeruta ved det ferjekaia på Solavågen som var vårt primærønskje. Det er ulike årsaker til dei vanskane. Vi måtte dermed halde fram med å bruke Magerholm ferjekai med ei svært lite tilfredsstillande trafikal løysing.

Terje Devold

Adm. dir. Terje Devold

- Samtidig må vi erkjenne at erfaringane med ferjedrifta i fjorårssesongen, viser at det vil ta svært lang tid å etablere ei lønnsam ferjedrift med dei bemannings- og sikkerheitskrav ferjedrift i dag krev. 

- Vår konklusjon når det gjeld ferjedrifta på Hjørundfjorden, vart dermed å ikkje vidareføre drifta for komande sesong, og vi tvilar på om vi vil reetablere dette sambandet dei komande to-tre åra, avsluttar adm. dir. Terje  Devold. 

62°Nord lanserer no eit nytt opplegg under to ”varemerke”; FJORD MAJESTIC og FJORD EXPERIENCE.   

Vi viser til anna presentasjon av det nye opplegget for 62°Nord si Hjørundfjordsatsing.